Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 26. mai 2026

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bård Hoksrud, Frank Edvard Sve, Mats Henriksen, May Helen Hetland Ervik, Bjørn Larsen og Dagfinn Henrik Olsen om å opprettholde hele rv. 85 og rv. 83 som riksvei etter åpningen av Hålogalandsvegen (Innst. 302 S (2025–2026), jf. Dokument 8:233 S (2025–2026))
Innlegget
Når ting faktisk er greinlaust, er ein nøydd til å ta fatt i det. Det er det som er heile poenget med denne saka. Grunnen til at eg tok ordet i saka, var i realiteten innlegget til representanten frå KrF. Det er nøyaktig den same retorikken, om at ein ikkje kan gjere noko i konkrete saker, at ein må ta det i NTP. Når NTP kjem, skjer det ingen verdas ting, fordi det er sprikande staur i alle retningar. Samferdsleministeren sa litt tidlegare, i ei anna sak, at han har banka igjennom NTP-en. Det har han slettes ikkje gjort. Det var ingen som hadde fleirtal i NTP-en. Arbeidarpartiet og Senterpartiet hadde sin, vi hadde vår, Høgre hadde sin, osv. Ingen fekk fleirtal, men det er på ein måte sånn at regjeringa sin NTP er den som Vegvesenet lagar handlingsplan på – dessverre, kan ein på mange måtar seie. Eg kjem jo frå der ingen skulle tru at nokon kunne bu, langt ute i hutaheiti på Sunnmøre. Eg har vore i kommune- og fylkespolitikken i 20–30 år, og eg trudde at det å kome på Stortinget betydde at ein kanskje kunne få gjort ting, men neida. Det som var svaret, spesielt frå Høgre, i alle desse fire åra i førre periode var at ein ikkje kunne stemme for eit einaste av Dokument 8-forslaga til FrP, ikkje på ein einaste veg – for det skulle ein ta NTP. Eg tenkte då at NTP må jo vere noko fantastisk noko, det må jo vere ein slags heureka, der det berre tyt ut prosjekt og ein kan starte å byggje overalt. Men så kom jo NTP-en, og det vart jo ikkje det. Det vart akkurat like tomt som det alltid har vore, og regjeringa kutta NTP-en med 25 pst., i forhold til det Erna gjorde i 2021. Så det vart like lite, det. No begynner KrF på same måten – me må ha det heilskapleg, det må vere i NTP – og sausar det inn i ei diger, grei pakke med mange tusen sider som ingen skjønar noko av, og så skjer det ingenting. Ja, kjem ein i regjering, kan ein sjølvsagt få gjort betydeleg meir, og det må jo vere eit mål, men ein må kunne ta enkeltsaker og ting som er viktige, og manne seg opp og kvinne seg opp – eller kva det heiter – og faktisk bestemme noko. Det kan ein gjere i denne saka her. Heldigvis, det må eg seie, har både KrF, Høgre og Senterpartiet no i mange saker, både med drivstoff og mange andre ting, faktisk sagt at dette går ikkje lenger med dagens regjering, at vi faktisk er nøydde til å begynne å levere. Då er mi oppmoding til KrF – og lytt til det eg seier no: Stem for våre forslag, få ting til å verte gjort. Skal vi vente på NTP, då skjer det ikkje eit komma, og det håper eg at Høgre også gjer. For denne saka er knallgod. Her er masse argumentasjon som er tatt tidlegare i andre innlegg, og det er i grunnen berre å få gjort det som arbeidarpartiregjeringa ikkje gjer.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat