Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 26. mai 2026

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Geir Inge Lien om statlig ansvar for statlig bygde broer (Innst. 313 S (2025–2026), jf. Dokument 8:246 S (2025–2026))
Innlegget
Eg må trekkje lite grann på smilebandet når eg høyrer statsråden seie at fylkeskommunane set av pengar til dette, til vedlikehald og til alt mogleg. Det verkar som ein er på ein annan planet i forhold til kva som er verkelegheita i verda når det gjeld økonomi i fylkeskommunen og dei utfordringane som fylkeskommunen har. Det er rassikring, det er tunnelar, det er bruer, og det er altså 100 mrd. kr i vedlikehaldsetterslep, og statsråden sit her og snakkar som om dei har masse pengar å avsetje, og det er så mange pengar som kan forsvinne. Han skal få alle bruene i Møre og Romsdal – det er omtrent ikkje ei krone avsett. Han kan få ta dei i morgon. Samferdselsministeren kan sikkert berre ta kontakt etterpå, så skal han få dei. Kva pengar er det vi kan ha å setje av til dei? Vi bygde Nerlandsøybrua no til over 1 mrd. kr langt ute i havgapet. Vi skal byggje Remøybrua – også 1 mrd. kr. Det er berre to av – eg hugsar ikkje antalet, for i Møre og Romsdal er det så mange bruer at det går an å gå tørrskodd på bru overalt. Det var jo Senterpartiet og Arbeidarpartiet med Navarsete som minister som lurte dei gamle riksvegane over til fylkeskommunene. Eg har ofte sagt at det er jo ikkje katta i sekken vi fekk då. Vi fekk tigrane i sekken. Det er ikkje snakk om å verte lurt ein gong. Vi har ingen sjanse til å klare å ta det etterslepet og vedlikehaldet som er der: 18 mrd. kr berre i Møre og Romsdal. Det er så mange bruer at ein berre kan gløyme det. Det er så mange tunellar at ein har ingen sjanse. Tunnelforskrifta og løyvingar i NTP og i statsbudsjettet til bruer – kva var det? Jo, ein får 100 mill. kr til bruer, og det skal visstnok løyse milliardar på milliardar berre i Møre og Romsdal. Ære vere Senterpartiet for at dei kom med dette framlegget. Det var så enkelt for meg å seie til Bård og resten av gruppa og fraksjonen vår at vi støttar dette. Sjølvsagt gjer vi det, og så får vi ta diskusjonen om kva det gjeld. Om det er 800 bruer, er det ei god begynning. Så er det berre 4 200 igjen. Fylkeskommunen har ingen sjanse – det er ein snøball ein eller annan plass – til å klare å fikse dette. Dei har ingen sjanse. Ein kan berre gløyme det. Statsråden må klare å forstå situasjonen ute i fylka, og ikkje problematisere det som at det gjeld kven som skal drive det. I dag er det ei samrøre der ingen veit kva dei skal gjere. Skal ein byggje eller renovere ei bru mellom fylkeskommunale vegar over statleg infrastruktur, er det eit himla spetakkel. Ein ryddar no berre opp i det. Det vert opprydding. Det er veldig smart, veldig bra. Men eg er litt sjokkert over å høyre korleis haldninga til statsråden er – ho har iallfall ikkje rot i verkelegheita.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat