Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 26. mai 2026

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Geir Inge Lien om statlig ansvar for statlig bygde broer (Innst. 313 S (2025–2026), jf. Dokument 8:246 S (2025–2026))
Innlegget
Det er ikkje tvil om at det representanten Lien sa akkurat no, er 100 pst. riktig. Det er heilt oppsiktsvekkjande at i ein situasjon der regjeringa ikkje har følgt opp denne ekstra milliarden som dei har lovd, og der ein peikar på dei enorme etterslepa i fylkeskommunane, som er på over 100 mrd. kr, og når staten skal få noko av ansvaret tilbake, då skal ein trekkje i dei rammene. Då vert ein dobbelt lurt. Det er mange som seier at når ein handlar med staten, vert ein snytt på vekta. Det er i alle fall heilt openbert. Det er sånn at sunnmøringane ikkje skal verte snytte på vekta. Ein kan ta det heilt med ro. Vi hadde aldri kome til å gje frå oss noko som hadde ein vanvitig bra verdi og var ein god case. Desse bruene, med så enorme vegvedlikehaldsetterslep, er ikkje nokon god case. Det er ein katastrofe for fylkeskommunane. Eg trur eg veit kva eg pratar om. Eg har sete i fylkeskommunen i snart 24 år, og eg veit kva dette er, kva fylka har å slite med. Dei har ikkje sjanse til å takle det, så staten skal meir enn gjerne få dette fortast mogleg tilbake igjen. Det dei lurte på fylkeskommunane, skal dei få tilbake så fort som det berre går an. Det er no den sida av saka. Når det gjeld sjølve saka og problematiseringa med tanke på roller osv.: No er det bl.a. ei stor gruppering med veldig mange fylkeskommunar som held på å jobbe med ferjeavløysingsprosjekt, der dei i det de held på å jobbe med, ønskjer å setje ned forslag om å kunne få samle det, i samarbeid med Statens vegvesen, på vegner av både Vegvesenet og fylka. Dei vil samle det, rett og slett for å samle bestillarkompetansen. Det er det det er snakk om. Det er plenty med entreprenørar som kan byggje, men det gjeld bestillarkompetansen. Det same gjeld her også. Prosjektering og bestilling burde ha vore samla. Det er ikkje noko problem at staten får dei bruene tilbake igjen. Fylkeskommunane har slettes ikkje kompetanse til å gjennomføre alt dei har fått ansvar for. Det trur eg også at eg kan skrive under på at dei ikkje har. Vi har masse dyktige folk i fylka og i kommunane, men det hadde vore utruleg mykje lettare om bruene hadde vore førte tilbake til staten igjen. FrP ønskjer jo å føre alt tilbake frå fylka – det er den sida av saka – så dette er ei god begynning. Her dreier det seg om å vere fornuftig med tanke på kva som er praktisk, og også kva som vil gjere at ein får mest mogleg igjen for pengane. Så det er ei god begynning å få desse bruene tilbake til staten igjen. Det er ikkje noko problem, det vert eit fleirtalsvedtak, vi får saka tilbake igjen. Eg skal love at vi kjem til å stå fast på det vi gjer, og det håpar eg dei andre partia i fleirtalet også gjer. Så får regjeringa levere, og dei får ta tilbake igjen desse bruene som det er snakk om her – det er 800–900 bruer. Det er ein veldig god start. Det er fleire bruer å ta av, ca. 4 200 bruer til, som også snarast råd burde vore sende tilbake til staten igjen.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat