Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. mai 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Marius Langballe Dalin, Oda Indgaard, Ingrid Liland, Arild Hermstad, Siren Julianne Jensen, Frøya Skjold Sjursæther og Une Bastholm om å avvikle Helseplattformen og sørge for brukervennlige journalsystemer (Innst. 328 S (2025–2026), jf. Dokument 8:155 S (2025–2026))

Innlegget

Helseplattforma har ført Helse Midt-Noreg ut i ein krevjande økonomisk situasjon. Me i Senterpartiet meiner at her må me alle ta eit ansvar for å få rydda opp i denne saka. Me kan ikkje tillate at finansiering av eit journalsystem bidreg til å svekkje pasienttilbodet i regionen vår. Eg må no snakke for Møre og Romsdal òg, der det er kritisk. Det har vorte kutta inn til beinet. Det har vore store investeringar i sjukehus, som helseføretaka skal betale både renter og avdrag på, og så kjem det ei helseplattform som har kosta langt meir enn det som ein hadde tenkt. Det er eit eksperiment som vart innført av Høgre og FrP, då dei sat i regjering, og som berre har balla på seg og balla på seg – eit kostbart eksperiment. No ser me at det vert kutta i viktige tilbod i Møre og Romsdal, noko som, etter mitt syn, ikkje bør gjennomførast og som ikkje er forsvarleg. Det vert no kutta hardt i ambulansetenester, psykiatri og mykje anna i vår region, noko eg meiner er uforsvarleg. Eg er utruleg glad for at Senterpartiet i dag i alle fall kan bidra til å fokusere på dette, ved at me no ber regjeringa sikre at kostnadene til Helseplattforma ikkje går ut over sjukehusstruktur og viktige lokalsjukehusfunksjonar i Helse Midt-Noreg. Då må eg igjen snakke om Møre og Romsdal, som eg meiner er i ei særstilling no, der det er snakk om å kutte 400 mill. kr på årets budsjett og å kutte milliardar i åra som kjem, på grunn av høge kostnader. Det er ein veldig krevjande situasjon helseføretaket står overfor, og det er etter mitt syn uforsvarleg. Me kunne tatt debatten om korleis ting burde ha vore gjort annleis og korleis ting burde ha vore innretta, men i dag, når me diskuterer denne saka om Helseplattforma, er det etter mitt syn utruleg viktig at staten er med og bidreg til å dekkje dei kostnadene som har kome utover det som ein kunne forvente i dette eksperimentet, som eg meiner at dette har vore. Eg håpar at SV vil vere med og sikre fleirtal for II i tilrådinga, der me «ber regjeringen gjennomføre en uavhengig, samfunnsøkonomisk utredning av kostnader, risiko og pasienttrygghet i Helseplattformen». Det blir viktig. Dette er ei viktig sak. Det er viktig for at me skal kunne ha gode helsetenester, for at det skal vere trygt for folk i Møre og Romsdal å kunne bu og leve sitt liv der, og for at dei skal kunne vere sikre på at dei får den hjelpa dei treng når situasjonar oppstår. Me må no ikkje kutte langt utover det forsvarlege. Det meiner eg at me er med på å gjere her, så eg håpar me finn ei løysing.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat