Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 26. mai 2026

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Sylvi Listhaug, Bård Hoksrud, Dagfinn Henrik Olsen, Frank Edvard Sve, May Helen Hetland Ervik, Mats Henriksen, Bjørnar Laabak og Tom Staahle om å avslutte byvekstavtaler og avvikle nullvekstmålet (Innst. 301 S (2025–2026), jf. Dokument 8:232 S (2025–2026))
Innlegget
Dagens byvekstavtalar fyller ein funksjon i samferdselspolitikken, men har òg betydelege svakheiter for ein del av kommunane som er omfatta, som det er naturleg å sjå nærmare på. Ordninga med byvekstavtalar treng ein grundig gjennomgang. Målet må vere at vi aukar gonge, sykling og kollektivbruk i dei områda som eignar seg for det, men at vi òg sikrar auka lokal handlefridom i område kor moglegheitene for å dekkje transportbehovet ved hjelp av buss, tog, sykkel og gonge er minimale. Dagens system er ein kraftig hemsko for utviklinga av det eg vil karakterisere som spreiddbygde randkommunar, kommunar som skil seg vesentleg frå dei kommunane som ligg midt i byvekstområde. Senterpartiet meiner tida er inne for å justere kursen. Vi ønskjer mindre statleg detaljstyring, særleg i kommunar som ligg i ytterkanten av byvekstområda. Vi ønskjer meir lokal fridom og ein langt meir nøktern bruk av statlege midlar. Difor har vi fremja dette forslaget: «Stortinget ber regjeringen starte en gjennomgang av byvekstavtalene med mål om å redusere den statlige pengebruken og gi økt lokal handlefrihet i avtalene.» Eg vil presisere at vi med «økt lokal handlefrihet» antydar ei klar differensiering òg. Det er ikkje rimeleg at byvekstavtalen for Oslo er like streng i Oslo og Lørenskog som i det austlege og nordlege området av Akershus, som eit døme. Vi meiner det er noko forhasta å avvikle byvekstavtalane og nullvekstmålet her i dag. Forslaget er vel først og fremst meint som eit demonstrasjonsforslag frå Framstegspartiet. Men vi meiner at avtalen må justerast med tanke på både realisme og klok differensiering. Det vil gje større handlefridom i dei temmeleg omfattande vekstområda som avtalen famnar. Lokale løysingar må få større plass, og ressursar må brukast smartare og med noko betre magemål enn det vi til no har sett. Eg vil òg signalisere at vi subsidiært støttar Høgre sitt forslag om ein gjennomgang. Senterpartiet vil ha byar som fungerer, med mindre kø, betre framkomelegheit og gode alternativ til bil. Samtidig meiner vi at det er feil at staten bind kommunar i milevis omkrets til rigide modellar som i botn og grunn berre passar for dei aller mest tettbygde områda. Med det tek eg opp forslaget frå Senterpartiet.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat