Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 26. mai 2026

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bård Hoksrud, Frank Edvard Sve, Mats Henriksen, May Helen Hetland Ervik, Bjørn Larsen og Dagfinn Henrik Olsen om å opprettholde hele rv. 85 og rv. 83 som riksvei etter åpningen av Hålogalandsvegen (Innst. 302 S (2025–2026), jf. Dokument 8:233 S (2025–2026))
Innlegget
Det er ei viktig sak for ein viktig region, det me snakkar om og debatterer her i dag. Eg har lyst til å dvele litt ved Kvæfjord og Kvæfjord kommune, som no får nye oppgåver, det å skulle ta over ein veg. Det er ein liten kommune, og dei har vore utruleg rause før. Dei har teke på seg oppgåver frå staten som ikkje har vore fullfinansierte. Det er heilt klart ei anna sak, men då HVPU-reforma skulle gjennomførast, vart dei ein vertskommune, og dei sit att i dag med store kostnader til pensjon. Så seier ein no at dei skal få ei ny oppgåve frå staten, der dei skal ta på seg vedlikehald og vinterdrift av ei veldig viktig vegstrekning, frå Løbergbukta til Våtvoll. Det er viktig for oss i Senterpartiet at vi må slutte å late som om dette handlar om tekniske kriteria. Det handlar om busetjing, beredskap, næringsliv og tryggleik for folk. Det handlar om at staten må ta ansvar for vegar som framleis har nasjonal betydning, òg når dei ligg utanfor dei største byane. Senterpartiet står difor fast ved at desse strekningane bør oppretthaldast som riksveg, og at staten må ta ansvar for drift og vedlikehald av infrastruktur som er avgjerande for heile regionen si utvikling og sikkerheit. Det er ikkje fleirtal for våre forslag her i dag, har eg registrert, men signala frå Høgre, frå Arbeidarpartiet og frå andre parti om at dette må takast inn i den komande NTP-en, har vore eit svinnande håp, eit lite håp, eit lite lys i tunnelen for både Kvæfjord og regionen der og for fylkeskommunen om at dei kan verte høyrde i saka, og at det kan kome ei løysing i framtida. Men eg synest det er trist i dag at vi ikkje kan lande eit godt forslag for regionen, som ville ha skapt både tryggleik og ikkje minst god mobilitet i framtida.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat