Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 26. mai 2026

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Geir Inge Lien om statlig ansvar for statlig bygde broer (Innst. 313 S (2025–2026), jf. Dokument 8:246 S (2025–2026))
Innlegget
Vi står i dag overfor ei viktig avklaring av ansvarsfordelinga mellom staten og fylkeskommunane når det gjeld vedlikehald av bruer som staten sjølv har bygd. Det er eit nødvendig og rett grep at staten no får presisert ansvaret sitt. For det første: Då regionreforma vart gjennomført, vart det overført betydelege vedlikehaldsetterslep til fylkeskommunane. Fleire fylke har i ettertid dokumentert at overføringa var underfinansiert, og at staten ikkje følgde opp med tilstrekkelege midlar til å handtere den reelle tilstanden på fylkesvegane. Dette har skapt situasjonar der fylkeskommunane allereie i dag slit med å halde tritt med heilt grunnleggjande vedlikehaldsbehov. For det andre: Regjeringa har tidlegare lova å kompensere fylkeskommunane for vedlikehaldsetterslepet. Dette løftet har ikkje vorte følgt opp. Tvert imot har fylkeskommunane i fleire år peikt på at gapet mellom ansvar og finansiering aukar. Når staten no ser ut til å skulle ta ansvar for bruer som staten sjølv har bygd, noko som både logisk og fagleg er rett, kan det ikkje samtidig brukast som ei grunngjeving for å svekkje fylkeskommunane sin økonomi ytterlegare. Dette handlar om føreseielegheit og rettferd. Fylkeskommunane har gjennomført fleire reformer og fått nye oppgåver, nye ansvar og nye forventningar, men ikkje tilsvarande finansiering. Det er ikkje rimeleg at dei no skal straffast økonomisk fordi Stortinget har rydda opp i ei uklar ansvarsfordeling som staten sjølv har skapt. Senterpartiet har difor fremja eit representantforslag, som ligg an til å få fleirtal i denne salen: «Stortinget ber regjeringen sørge for at staten tar vedlikeholdsansvaret for broer som staten selv har bygd, selv om det er kommunal eller fylkeskommunal vei på begge sider av broen.» Når vi no skal sikre fleirtal for dette forslaget, er det heilt avgjerande at staten ikkje samtidig trekkjer i ramma til fylkeskommunane. Det vil vere eit brot med tidlegare løfte og eit brot med prinsippet om rettferdig finansiering av fylkeskommunane. Det er ei glede å sjå at det ser ut til å verte fleirtal i denne saka. Det er viktig for oss i Senterpartiet når vi ser at det kan føre til tydelegare ansvar. Vi ser at når staten har bygd desse bruene over eller under ein viktig veg for staten, så er det òg viktig at Bane NOR, Statens Vegvesen og Nye vegar AS har ansvaret for vedlikehald av det som skal ferdast rundt desse. Det er viktig med tanke på ein føreseieleg vedlikehaldspolitikk i framtida.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat