Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 26. mai 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Geir Inge Lien om statlig ansvar for statlig bygde broer (Innst. 313 S (2025–2026), jf. Dokument 8:246 S (2025–2026))

Innlegget

Dersom kommunane skal ha vedlikehaldsansvaret, er det slik at dei ikkje kan vedlikehalde utan at Bane NOR eller Statens vegvesen gjev klarsignal for arbeidet. Det betyr at kommunane ikkje kan drive vedlikehald på ein rasjonell måte utan at Statens vegvesen sjølv eller gjennom Bane NOR allereie har gjeve klarsignal og samarbeider om arbeidet. Det problemet vi prøver å løyse i dag, er dette: Både Statens vegvesen og Bane NOR har veldig stor interesse i å få gjort eit vedlikehaldsarbeid, det er dei som har stått ansvarlege for å byggje prosjekta, og det er dyrt for fylkeskommunar og spesielt kommunar å ta over det ansvaret. Ser ministeren problemstillinga for kommunane som skal sitje og planleggje dette? Skal kommunane kunne få gjere det når det passar dei, eller er det Bane NOR som skal gjere det når det passar for kommunane?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat