Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. mai 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Geir Inge Lien om statlig ansvar for statlig bygde broer (Innst. 313 S (2025–2026), jf. Dokument 8:246 S (2025–2026))

Innlegget

Det er ei glede å høyre her at det ser ut til å verte eit solid fleirtal for forslaget og for saka. Det er bra for å få avklart eit viktig område når det gjeld ansvar. Eg må berre stille eit spørsmål: Kven vil ta på seg eit stort samferdselsprosjekt gjennom sin kommune viss dei då skal stå til ansvar for vedlikehald av ei kryssing der ein fylkesveg eller ein kommunal veg må gå anten over eller under? Det vert vanskeleg i framtida når vi ser på dei utfordringane som er. Råde kommune fekk millionrekning frå Bane NOR for å rive ei bru. Råde kommune har fleire slike prosjekt gjennom sin kommune, i Østfold, statsrådens heimefylke. Det er store summar det er snakk om her. Staten har faktisk hatt for vane å gjere ein god del nødvendig vedlikehald på desse bruene og desse overgangane. Då er det òg viktig at vi klargjer den linja. Statsråden sjølv var den som klargjorde at kommunar og fylke skulle ta dette, før det var ei gråsone. No seier vi at det ikkje er eit ansvar kommunar og fylke kan eller skal ha, når vi ser dei store kryssløysingane som ligg både på europavegar, på riksvegar og der Bane NOR og banen går. Det er på høg tid at vi får rydda opp i dette. Eg må seie at eg reagerer sterkt på at samferdselsministeren her i andre enden vil begynne å trekkje i rammene til fylkeskommunen. Etter mitt syn bør statsråden prøve å innfri sine løfter i NTP. Når vi snakkar om NTP, må eg seie at eg vert overraska over at vi skal putte meir inn der, og at folk skal leve i uvissa. Statsråden har faktisk ikkje gjennom budsjett greidd å levere på det som ligg i NTP-en om at vi skal bruke ein ekstra milliard i året. Ein snakkar om at det skal skje i løpet av ein tolvårsperiode. Det er å kaste blår i augo på folk, fylkeskommunar og kommunar. Her er det viktig no at vi styrkjer fylkeskommunane, ikkje svekkjer dei. Då må eg seie eg vert utruleg skuffa når eg høyrer statsråden her gje signal om at kommunane og fylkeskommunane skal verte trekte for dette i rammene. Det skal vi iallfall verte fleire om. Vi i Senterpartiet vil styrkje fylkeskommunane, knytt til det etterslepet som ligg no rundt om i landet. Vi vil prøve å jobbe for å sikre fleirtal i denne sal, og det skal vi gjere med den given vi ser her. Vi ser òg at vi har greidd å skape fleirtal på tvers av blokker. Det er eit godt arbeid som er lagt ned. Dette er ei viktig sak for dei kommunane og dei fylka dette gjeld, og for dei bruene som så sårt treng å ha nokon som kan ha omsorg for dei og gjere det nødvendige vedlikehaldet som ligg framføre.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat