Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 26. mai 2026

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Inge Lien, Bengt Fasteraune og Trygve Slagsvold Vedum om endring av yrkestransportlova § 9 andre ledd (Innst. 305 L (2025–2026), jf. Dokument 8:248 L (2025–2026))
Innlegget
Forslaget i dag gjeld den ikkje-iverksette delen av Lovvedtak 133 L om endringar i yrkestransportlova. Senterpartiet godtek ikkje regjeringas trenering av endringar i § 9 andre ledd, som vil sikre at alle bestilte turar automatisk vert registrerte i godkjent taksameter. Kvifor er det så viktig for Senterpartiet å ha anstendige løns- og arbeidsvilkår i drosjenæringa? Det handlar om å ta ansvar for dei som faktisk utfører arbeidet i drosjenæringa. Vi skal ha eit ordna arbeidsliv i Noreg. Ein skal kunne leve av løna si. Det er heilt essensielt at arbeidet lèt seg etterprøve, at inntektene er synlege, og at regelverket er likt for alle. Dette har Stortinget vedteke, og Senterpartiet kan ikkje godta at dette vert sett på vent. Utan fastmontert taksameter og automatisk registrering, vert risikoen skubba over på sjåførane og dei seriøse løyvehavarane. Det er uakseptabelt å la teknologi undergrave grunnleggjande arbeidsvilkår i ei næring som allereie er under hardt press. Det handlar òg om kvit økonomi og lik konkurranse. Lovvedtak 133 L skulle sikre full rapportering av omsetjing, gjere det lettare å avdekkje fjusk og sikre at etterleving av skatteregelverket gjeld likt for alle. Eg er redd for at utan tydelege krav til taksameter og rapportering, vil dagens drosjesjåførar kanskje vere siste generasjon som kan leve av yrket sitt. Sånn vil ikkje Senterpartiet ha det. Senterpartiet vil ha ei drosjenæring der kundane er trygge, der sjåførane kan leve av yrket sitt og med kvit økonomi. For å sikre lik konkurranse må desse kontrollmekanismane på plass. Eg registrerer med skuffelse at forslaget likevel ikkje vil få fleirtal i dag, og vi er skuffa over Arbeidarpartiet. Senterpartiet og Arbeidarpartiet skulle rydde opp etter den feilslåtte drosjereforma og sikre anstendige løns- og arbeidsvilkår og ein kvit økonomi. Men det er tydeleg at utan Senterpartiet i regjering, skjer det lite eller ingenting i dette arbeidet. I 2021 hadde Arbeidarpartiet ein ambisjon om å rydde opp i næringa innan hundre dagar. I 2026 har vi fasiten: Det er i alle fall ikkje fullført arbeid, langt derifrå. Med det tek eg opp Senterpartiets forslag i saka.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat