Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 26. mai 2026

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Inge Lien, Bengt Fasteraune og Trygve Slagsvold Vedum om endring av yrkestransportlova § 9 andre ledd (Innst. 305 L (2025–2026), jf. Dokument 8:248 L (2025–2026))
Innlegget
Eg er litt forundra over statsråden i dag. Eg må seie at grunnen til det er dette forslaget som låg inne i statsrådens eigen proposisjon, altså Prop. 139 L for 2024–2025, der endringane vart gjort i § 9 andre ledd, og ein tok ut dette med kontrollutrusting. Det har lege ute til høyring før, og det låg inne i den proposisjonen Stortinget vedtok for knapt eit år sidan. Kvifor tok statsråden det ut når det har vore på høyring, og køyrer ein heilt ny prosess som forlengjer dette? Det gjer det veldig krevjande å rydde opp i næringa, å gjere det arbeidet vi har sett oss føre, der vi skulle rydde etter den reforma som var, som har gjort det omtrent umogleg å vere drosjenæring i dag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat