Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 26. mai 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Inge Lien, Bengt Fasteraune og Trygve Slagsvold Vedum om endring av yrkestransportlova § 9 andre ledd (Innst. 305 L (2025–2026), jf. Dokument 8:248 L (2025–2026))

Innlegget

Eg må berre seie at det einaste som kan fungere i dag, er taksameter. Det er den teknologien som ligg som kan ta den registreringa som skal til for å få ei kvit næring i drosjemarknaden. Det vert omtrent det same som ein butikk som har eit kasseapparat. Det må vere krav til utrustinga, og her er det det som gjeld. Eg føler likevel at eg ikkje heilt fekk svar på spørsmålet mitt, som rett og slett gjekk på lovvedtak 133 for 2024–2025, der dette med kontrollutrusting låg inne og har vore ute på høyring. Kvifor måtte statsråden då sende dette ut på nytt for så òg å forlengje prosessen, når det har vore på høyring før? Mange har omtalt det som heilt ok å kalle det ei kontrollutrusting, men vi veit at det per dags dato berre er taksameter som kan svare til dei krava skattemyndigheitene set.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat