Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 26. mai 2026

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Inge Lien, Bengt Fasteraune og Trygve Slagsvold Vedum om endring av yrkestransportlova § 9 andre ledd (Innst. 305 L (2025–2026), jf. Dokument 8:248 L (2025–2026))
Innlegget
Det hastar faktisk. Det kunne ha vore veldig greitt å ha fått eit konkret svar på vegner av næringa. Senterpartiet var for kontrollutrustingsomgrepet der vi ser at det berre er taksameter som har den funksjonen som tilfredsstiller dei krava skattemyndigheitene er opptatt av og er nøydde til å ha for at dette skal kunne fungere i praksis. Likevel føler eg at statsråden er litt ullen i svaret sitt når det gjeld dette. For oss er det om å gjere å få framdrift på dette no, at vi kan møte næringa med opne auge og innfri det vi har lovt næringa, både Arbeiderpartiet og Senterpartiet. Då vert spørsmålet på nytt: Når kan vi forvente at den nye lova ligg på plass, og at kontrollutrusting vert eit omgrep som kan bakast inn i norsk lov? Det gjeld kvit økonomi, at vi får registrert turane på eit rett, regelmessig vis.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat