Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. mai 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Geir Inge Lien, Bengt Fasteraune og Trygve Slagsvold Vedum om endring av yrkestransportlova § 9 andre ledd (Innst. 305 L (2025–2026), jf. Dokument 8:248 L (2025–2026))

Innlegget

Senterpartiet meiner denne saka handlar om noko heilt grunnleggjande: at regjeringa sitt forslag og at Stortingets eigne vedtak skal gjennomførast, og at kontrollreglar for drosjenæringa faktisk skal verke og ikkje verte ståande ubrukte mens regjeringa driv med utgreiingar. I 2025 vedtok Stortinget tydelege og målretta krav for å sikre kontroll, etterprøvbarheit og kvit økonomi i drosjemarknaden. Vi vedtok krav om automatisk registrering av bestilling og betaling. Vi vedtok krav om fysisk tilknyting mellom taksameter og køyretøy. Vi vedtok eit system som skulle gje eit samanhengande kontrollspor frå tur til oppgjer. Men desse bestemmingane er framleis ikkje sette i kraft. Regjeringa har valt å halde tilbake nettopp dei reglane som skulle sikre at all omsetning vart registrert, og at fusk vart vanskelegare. Resultatet er at Stortingets vedtak ikkje får den verknaden som var føresett. Kontrollsporet er ikkje komplett. Etterprøvbarheita er ikkje god nok. Dei som driv seriøst, vert ståande igjen med både dei høgaste kostnadene og dei strengaste krava, mens dei andre kan operere med svakare kontroll og ein lågare risiko. Dette skaper skeiv konkurranse, dette undergrev tilliten til regelverket, og det gjer det vanskelegare å leve av drosjeyrket i heile landet. Både i høyringa og i utgreiinga er det slått fast at det i dag berre finst ei løysing som faktisk oppfyller krava Stortinget har vedteke, og det er taksameter. Det teknologinøytrale regelverket regjeringa viser til, finst ikkje enno. Det er ikkje ferdig greidd ut, ikkje ferdig høyrt og ikkje ferdig regulert. Likevel vert dette brukt som ei grunngiving for å utsetje ikraftsetjinga av vedtekne kontrollreglar. Senterpartiet meiner det er feil veg å gå når Stortinget har vedteke klare krav og dei skal gjennomførast. Når det finst ein etablert godkjend og rettsleg regulert kontrollmekanisme, skal lova bruke det presise omgrepet. Når næringa sjølv peikar på at taksameter er den einaste fungerande løysinga i dag, må vi lytte.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Geir Inge Lien (Senterpartiet) — Innlegg · 26. mai 2026 — OverStortinget