Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. mai 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Bård Hoksrud, Frank Edvard Sve, Mats Henriksen, May Helen Hetland Ervik og Dagfinn Henrik Olsen om å stanse liberaliseringen av lospliktforskriften og farledsbevisordningen (Innst. 303 S (2025–2026), jf. Dokument 8:234 S (2025–2026))

Innlegget

Dette er ei viktig sak, ikkje berre for losane og for sjøfarten, men for heile landet. Senterpartiet står i lag med fleirtalet i komiteen fordi vi meiner sjøsikkerheit, beredskap og nasjonale sikkerheitsinteresser må vege tyngst om vi skal vurdere endringar i lospliktforskrifta og farleibevisordninga. Vi har ein av verdas lengste kystar – verdas nest lengste –, og vi har ei krevjande kystlinje. Navigasjon i norske farvatn krev erfaring, lokalkunnskap og dømekraft. Det er ikkje tilfeldig at losordninga har vore ein av dei viktigaste sikkerheitsbarrierane i norsk sjøfart i generasjonar. Ordninga er ikkje berre eit sjøsikkerheitstiltak, ho er ein del av staten sitt operative nærvær langs kysten, og dermed ein del av den totale beredskapen vår. Komiteen har fått høyringsinnspel som peikar i to retningar. Men det er verdt å merke seg at fagmiljøa som faktisk står i dette arbeidet kvar dag – losar, losformidlarar og fylkeskommunar –, åtvarar sterkt mot ei omfattande liberalisering. Dei peikar på risikoen ved å redusere kravet til lokal erfaring og på faren ved å svekkje staten sitt operative nærvær i ei tid med auka geopolitisk uro og hybride truslar. Senterpartiet meiner at desse åtvaringane må takast på alvor. Statsråden understrekar at sjøsikkerheita er vareteken, og at forenklingar skal gje effektiviseringsgevinstar. Det er bra at regjeringa ønskjer å redusere kostnadene for næringa, men kostnadsreduksjon kan aldri vere hovudargumentet når vi snakkar om sikkerheit i norske farvatn, og når Kystverket føreslår løysingar som inneber at navigatørar kan segle store delar av kysten etter éin representativ prøve, utan krav til mengdetrening og lokal erfaring, er det vår plikt å seie stopp.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat