Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. mai 2026

Joakim Myklebost Tangen
Joakim Myklebost Tangen
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Marius Langballe Dalin, Oda Indgaard, Ingrid Liland, Arild Hermstad, Siren Julianne Jensen, Frøya Skjold Sjursæther og Une Bastholm om å avvikle Helseplattformen og sørge for brukervennlige journalsystemer (Innst. 328 S (2025–2026), jf. Dokument 8:155 S (2025–2026))

Innlegget

I dag har Stortinget moglegheita til å rette opp ein av dei aller største feilinvesteringane i norsk helsevesen på mange, mange år, og det sjølvsagt Helseplattformen vi diskuterer her. Då systemet blei lansert, var lovorda store, og vi fekk presentert ein visjon om éin innbyggjar, éin journal, betre samhandling og endå meir tid til pasientane. Eg tviler ikkje på at intensjonane sjølvsagt var gode, men problemet er berre at verkelegheita blei ei heilt anna. For helsepersonell, for pasientar og for pårørande har Helseplattformen i altfor stor grad blitt eit symbol på frustrasjon, utryggleik og sviktande tillit. Legeforeningen, Sykepleierforbundet, brukarorganisasjonar og pårørande har varsla om alvorlege problem heilt sidan innføringa starta, og varsellampene har blinka lenge. Riksrevisjonen har, som fleire andre her har nemnt, retta sterk kritikk mot systemet og peika på at det går ut over pasientsikkerheita. Tilsette opplever systemet som komplisert og tidkrevjande, og dei brukar verdifull tid på å leite etter informasjon i staden for å bruke tid på pasientane. Når helsepersonell seier at systemet gjer kvardagen deira vanskelegare, meiner eg sjølvsagt at vi må gjere noko. Når pasientane opplever svikt og utryggleik, må vi òg gjere noko, og når milliardane renn ut utan at resultata står i stil med kostnadene, må Stortinget tore å innrømme at dette ikkje fungerer, og setje eit endeleg punktum. I Helse Møre og Romsdal skal det no sparast opp mot 1 mrd. kr dei neste åra. Konsekvensane ser vi allereie: stengte avdelingar, redusert bemanning, lengre ventelister og kutt i rehabilitering og førebyggjande tilbod. No blir det òg varsla kutt i prehospitale tenester, slik som ambulanse og ambulansebåt. For folk som bur langs kysten og i distrikta, handlar dette om tryggleik når det er snakk om minutt, og dette kjem i tillegg til ytterlegare varsla kutt i behandlingstilbodet. Altså: Vi aksepterer ikkje at helsetenestene i Møre og Romsdal byggjast ned samtidig som milliardprosjekt som ikkje fungerer etter intensjonen, får fortsetje – på kostnad av innbyggjarane i Møre og Romsdal. Noreg skal vere eit land der folk kan stole på helsetenestene sine, uansett kvar dei bur, og då må vi tore å stoppe når eit prosjekt ikkje leverer på det som blei lova.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat