Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 26. mai 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Marius Langballe Dalin, Oda Indgaard, Ingrid Liland, Arild Hermstad, Siren Julianne Jensen, Frøya Skjold Sjursæther og Une Bastholm om å avvikle Helseplattformen og sørge for brukervennlige journalsystemer (Innst. 328 S (2025–2026), jf. Dokument 8:155 S (2025–2026))
Innlegget
Kjersti Toppe (Sp) [12:17:17] (leiar for komiteen): Helseplattforma skulle bidra til auka kvalitet i pasientbehandling, betre pasientsikkerheit og meir brukarvenlege system, og setja helsepersonellet i stand til å utføra sine oppgåver på ein betre og meir effektiv måte. Innføringa fekk det mest alvorlege nivået av kritikk frå Riksrevisjonen. Innføringa har truga pasientsikkerheita og redusert effektiviteten i pasientbehandlinga. Innføringa er òg blitt dyrare enn føresett, og framtidige kostnader er usikre. Grunnlaget for val av konsept er kritisert for å vera mangelfullt, og det inneber svært høg risiko for svak styring og oppfølging. Datatilsynet har konkludert med brot på fleire av personvernreglane. Problema synest å vera vedvarande. Det er framleis store utfordringar knytte til brukarvenlegheit, effektivitet og belastning for legar og anna helsepersonell, og det er usikkert kva det vil kosta å gjera Helseplattforma meir brukarvenleg, og kva forbetringspotensial ein faktisk har. Det er heller ikkje utført ein samfunnsmessig analyse av Helseplattforma. Senterpartiet kjem i dag ikkje til å støtta eit forslag om avvikling, men vi støttar forslaget om å gjennomføra ei brei, uavhengig samfunnsmessig utgreiing av kostnader, risiko og pasienttryggleik i Helseplattforma. Målet skal vera å sikra helsetenesta eit journalsystem som sørgjer for samhandling, kvalitet og effektivitet i tenestene på alle nivå. Eit sånt journalsystem må sjølvsagt òg sikra brukarvenlegheit og effektivitet for legar som arbeider med pasientane på sjukehusa. Dessutan må ein kunna forventa at eit felles journalsystem for kommunehelsetenester og spesialisthelsetenester må vera så bra at fastlegar òg vel å bruka det. Sjølv om kommunar, pasientorganisasjonar og helseføretak no slår ring om Helseplattforma, har vi eit overordna politisk ansvar i denne saka. Det er framleis store utfordringar – det viser helsepersonellundersøkinga frå 2025 frå Helsedirektoratet. Senterpartiet erkjenner at innføringa av Helseplattforma er eit resultat av helseføretaksmodellen. Ei slik innføring hadde ikkje vore mogleg dersom sjukehusa var styrte i ein forvaltningsmodell med demokratisk kontroll. Helseplattforma har ført Helse Midt-Noreg ut i ein krevjande økonomisk situasjon. Vi kan ikkje tillata at finansiering av dette journalsystemet er med og bidreg til å svekkja pasienttilbodet og sjukehustilbodet i Helse Midt-Noreg. Spesielt er vi opptatt av at det ikkje må gå ut over sjukehusstruktur og viktige lokalsjukehusfunksjonar. Vi er glade for fleirtalet om at regjeringa må sikra at finansiering av Helseplattforma ikkje skal kunna få slike konsekvensar, og vi føreset at regjeringa lojalt følgjer opp dette.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat