Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 26. mai 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Marius Langballe Dalin, Oda Indgaard, Ingrid Liland, Arild Hermstad, Siren Julianne Jensen, Frøya Skjold Sjursæther og Une Bastholm om å avvikle Helseplattformen og sørge for brukervennlige journalsystemer (Innst. 328 S (2025–2026), jf. Dokument 8:155 S (2025–2026))
Innlegget
Det er òg slik at når regjeringa er veldig tydeleg på at Helseplattforma skal vidareutviklast, må dei òg sørgja for at regjeringa tar ansvar for den kostnaden det vil ha. Eg vil spørja kva kostnader det eigentleg vil ha å vidareutvikla Helseplattforma. Det får vi faktisk ikkje svar på. Vi på Stortinget fekk heller ikkje vita kva Helseplattforma ville kosta då ho vart innført, for det vart lagt til helseregionen å vedta dette. Statsråden sa i innlegget sitt at det var rart om Stortinget skulle gå inn og meina noko om eit IT-system i eit helseføretak, men no har Riksrevisjonen har kritisert det, og Datatilsynet har vore ute og kritisert det. Eg vil spørja statsråden: Veit statsråden kva slags kostnader Helseplattforma vil ha, og er han trygg på at det no ikkje vil koma fleire negative hendingar ved Helseplattforma?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat