Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 26. mai 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Marius Langballe Dalin, Oda Indgaard, Ingrid Liland, Arild Hermstad, Siren Julianne Jensen, Frøya Skjold Sjursæther og Une Bastholm om å avvikle Helseplattformen og sørge for brukervennlige journalsystemer (Innst. 328 S (2025–2026), jf. Dokument 8:155 S (2025–2026))
Innlegget
Vi seier ofte at helsepersonell er den aller største ressursen i helsetenesta. Vi har òg mangel på dei. Å klara å behalda dei, og at dei vil jobba i det offentlege helsevesenet, synest eg er overhendig viktig. Det er mi bekymring med Helseplattformen framover. Sjølv om mange helsepersonellgrupper har sagt at dei er fornøgde og ikkje ønskjer at ein vurderer eit anna journalsystem, er det slik at fastlegane ikkje er inne. Det er òg slik at mange legar som jobbar på sjukehus, er slitne og opplever at dei jobbar mindre effektivt med dette journalsystemet. Når vi har knappleik på spesialistar i Noreg, kan vi ikkje leva med eit journalsystem som på sikt heller ikkje klarar å retta opp i dette, og som gjer at dei jobbar mindre effektivt. Dei vil søkja seg vekk til andre arbeidsplassar. Det går òg på kva ein er opplært til, og kva en har i seg. Det tenkjer eg at Stortinget må ta på alvor. Vi kan gjerne driva og harselera litt i denne saka, men for meg er det grunnleggjande viktig at vi må ha eit godt offentleg helsevesen i framtida. Eit journalsystem er ikkje eit mål, det er berre eit verkemiddel for å få desse pasientmøta til å vera trygge og effektive, og at ein har tillit til dei. Vi har ein veg å gå for å få dette til. Senterpartiet har òg åtvara mot inngåing av denne kontrakten før, og eg sa i mitt første innlegg at dette først og fremst har vorte mogleg fordi vi har ein helseføretaksmodell. Viss vi hadde styrt helsetenesta i ein forvaltingsmodell med demokratisk kontroll, trur eg ikkje at dette hadde vore innført på den måten. Eg var ein av dei på Stortinget som faktisk gjekk inn og prøvde å lesa saka i Helse Midt-Noreg i 2019, da ein skulle inngå denne kontrakten med det amerikanske selskapet. Heile den saksutgreiinga var svart – ho var sladda. Eg som stortingsrepresentant fekk altså ikkje innsyn, og det var fordi det var bedriftshemmelegheiter, og kontrakten var unntatt offentlegheit. Det førte òg til at vi ikkje vart opplyst på Stortinget om kva dette eigentleg var. No står vi her, x antal år etterpå, og har hatt utalde debattar om denne saka. Det er eigentleg berre trist. Eg håpa jo at vi kunne fått fleirtal for ei brei samfunnsøkonomisk utgreiing, slik at ein fekk alle kort på bordet, la eventuell prestisje til sides og kunne sjå på korleis vi skapar eit journalsystem for heile helsetenesta. Så varslar eg at vi i Senterpartiet stemmer for forslag nr. 3 i innstillinga.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat