Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. mai 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Marius Langballe Dalin, Oda Indgaard, Ingrid Liland, Arild Hermstad, Siren Julianne Jensen, Frøya Skjold Sjursæther og Une Bastholm om å avvikle Helseplattformen og sørge for brukervennlige journalsystemer (Innst. 328 S (2025–2026), jf. Dokument 8:155 S (2025–2026))

Innlegget

Før eg utdanna meg til lege og kirurg, arbeida eg faktisk med programmering og brukartilpassing og opplæring i tidlege digitale journalsystem – iallfall lite grann. Eg jobba med både kjeldekode og pasientbehandling, og eg har brukt både DIPS og Helseplattformen. Det var mest DIPS, men eg har òg satt meg inn den andre, og eg trur eg beherskar dei rimeleg greitt, for å seie det sånn. Mi vurdering er krystallklar: Helseplattformen lir av så grunnleggjande feil og manglar i både oppbygging og brukargrensesnitt at det vil vere mykje enklare og mykje billigare å starte på nytt, framføre å fortsetje – viss vi ser det i eit veldig langt perspektiv. På kort sikt er det sjølvsagt ikkje det. I dag tidleg høyrde ein lege som beskreiv overgang frå Helseplattformen til journalsystemet DIPS, som ein enorm lette. Det skjønar eg veldig godt, etter å ha jobba med begge systema. Når det framkaller sånne følelsar, er det noko fundamentalt gale med heile systemet. Eit IT-system med så låg brukartilfredsheit som Helseplattformen reknast eigentleg som ubrukeleg. Riktignok tilpassar dyktige brukarar seg, dei som er gode med data. Dei tilpassar seg òg eit sånt system og får det til å fungere, men det betyr ikkje at systemet er bra, og det betyr ikkje at vi bør vere hefte med det til evig tid. Ja, systemet har blitt litt betre, men å gå frå katastrofalt dårleg til dårleg er ikkje nokon siger for pasientsikkerheit eller for brukarvenlegheit. Det er framleis ineffektivt og lite intuitivt. Det vil krevje enorme investeringar og tilpassing berre for å halde det gåande. Det blir hevda frå forsvararane av prosjektet at det er for seint å snu. Som brukar av Helseplattformen må eg spørje: Er vi til evig tid bundne til eit system som fungerer så dårleg? Viss vi oppdagar eit inngrep som skadar pasienten på operasjonsbordet, så fortset vi ikkje med det same. Vi lagar ein ny plan, stoppar inngrepet der vi er og planlegg på nytt. Kvifor skjer det da ikkje noko? Helseleiaren i Helse Midt-Noreg har sterke insentiv til å fortsetje. Den personlege og profesjonelle risikoen ved å starte på nytt, blir sjølvsagt opplevd som stor. På toppen av det heile har dei tausheitserklæringane sine, som gjer at dei ikkje har lov til å uttale seg negativt om Helseplattformen. Dette er ikkje lenger berre ein IT-skandale, det er eit alvorleg demokratisk problem, når frykt og munnkorg erstattar openheit og fagleg kritikk i helsevesenet vårt. Miljøpartiet Dei Grøne meiner Helseplattformen må avviklast. Vi må erstatte med ho med ein ny digital strategi basert på tre pilarar: digital suverenitet, modulær oppbygging, så vi kan byte ut det vi ikkje vil ha, og open kjeldekode der det er mogleg. At fleirtalet ikkje vil støtte ein plan for avvikling, er berre uendeleg trist. Det er på tide å oppheve munnkorga, avvikle eit system som ikkje fungerer og gje tillit og tryggleik tilbake til helsearbeidarane. Med det tek eg opp forslaget som MDG har aleine.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Marius Langballe Dalin (Miljøpartiet De Grønne) — Innlegg · 26. mai 2026 — OverStortinget