Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 26. mai 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Marius Langballe Dalin, Oda Indgaard, Ingrid Liland, Arild Hermstad, Siren Julianne Jensen, Frøya Skjold Sjursæther og Une Bastholm om å avvikle Helseplattformen og sørge for brukervennlige journalsystemer (Innst. 328 S (2025–2026), jf. Dokument 8:155 S (2025–2026))
Innlegget
Eg høyrde statsråden tidlegare i replikkordvekslinga seie at vi er no eingong der. Når eg høyrer det, gir det meg nokre tankar rundt om statsråden har tenkt grundig nok over kva «sunk cost fallacy» vil seie. Etter vårt syn er dette tapte kostnader som ikkje gjer at vi bør fortsetje den vegen vi har gått så langt. Det seiest at det er betre enn før. Ja da, det er litt betre. Hovudargumentet for dei fleste som ikkje vil ha endring no, er rett og slett endringstrøttleik, òg styrkt av at ein til og med har sett munnkorg på enkelte av dei som uttalar seg. Dette bekymrar oss veldig, det må eg seie. Når det blir framstilt som det meste no er greitt, er det med respekt å melde rett og slett ikkje riktig. Det vi gjer no, er at vi låser oss inn fullstendig. Kva tenkjer statsråden om at auka investeringar i Helseplattforma no aukar terskelen for å avvikle systemet om nokre år?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat