Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 26. mai 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Marius Langballe Dalin, Oda Indgaard, Ingrid Liland, Arild Hermstad, Siren Julianne Jensen, Frøya Skjold Sjursæther og Une Bastholm om å avvikle Helseplattformen og sørge for brukervennlige journalsystemer (Innst. 328 S (2025–2026), jf. Dokument 8:155 S (2025–2026))

Innlegget

Det lyset i enden av tunnelen er verken eg eller særleg mange andre som bruker Helseplattforma, i stand til å sjå. Vi ser små forbetringar, vi ser at det er mogleg å bruke systemet, men vi ser ikkje at dette er eit framtidsretta system. Det neste spørsmålet mitt til statsråden går difor på: Kvar skal vi vere om ein del år – ein kan seie 10–15 år? Ingen vil avvikle Helseplattforma i dag. Til det er endringstrøttleiken for stor, og det tar for lang tid. Kva for prinsipp meiner statsråden bør vere leiande for kvar vi skal vere når det gjelde helse-IT om 10–20 år, slik at vi har tenlege system som er fleksible nok, og som ikkje låser oss inn og utelukkar at vi får digital suverenitet over helsedataa våre?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Marius Langballe Dalin (Miljøpartiet De Grønne) — Replikk · 26. mai 2026 — OverStortinget