Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. mai 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Marius Langballe Dalin, Oda Indgaard, Ingrid Liland, Arild Hermstad, Siren Julianne Jensen, Frøya Skjold Sjursæther og Une Bastholm om å avvikle Helseplattformen og sørge for brukervennlige journalsystemer (Innst. 328 S (2025–2026), jf. Dokument 8:155 S (2025–2026))

Innlegget

Ein høyrer det ein vil høyre, blir det sagt, og det er vel ikkje mindre sant i denne saka enn i andre. Når eg høyrer at høyringsinstansar og organisasjonar nærmast samla er positive og ikkje ønskjer noka avvikling, er det òg for meg ganske underleg å høyre. Det er heilt andre signal eg får. Når eg har fått nokre få tilbakemeldingar frå folk som har vore negative til ei avvikling og kontakta dei direkte, har svaret vore at det handla meir om endringstrøyttleik – dei har klart å tilpasse seg og får det til å fungere på eit vis – og dei orkar ikkje akkurat no. Det er det det handlar om. Denne saka handlar om noko mykje viktigare. Ho handlar om pasientsikkerheit. Det er enno altfor mange sikkerheitshôl i Helseplattforma etter mi erfaring, og det stemmer òg godt med erfaringar andre har. Det handlar òg om effektivitet. Jo da, ein har kome opp på same effektivitetsnivå som ein hadde med eit forelda, gamalt system. Det er ikkje spesielt imponerande. Det handlar òg om brukarvenlegheit og trivsel på arbeidsplassen. Det meiner eg ein må ta på alvor – ei så dårleg tilfredsheit som det er med det dette, finn ein vel knapt for noko anna datasystem vi bruker aktivt i Noreg. Eg må òg seie at Epic nærmast har verdsrekord i innlåsing i eit datasystem. Det bør ringe nokre varselbjøller når så mange bruker det og ikkje sluttar – og når ein kombinerer det med eit munnkorgsystem med teieplikterklæringar, blir ikkje saka betre. Ja, sjølvsagt er systemet betre enn før. Det skulle berre mangle – ein har brukt mykje pengar på å gjere det betre, men det er framleis eit dårleg system med ein uendeleg lang veg fram til suksess. Eit ineffektivt system gjev mindre tid til pasientbehandling og mindre merksemd rundt pasienten. Det er urovekkjande. Ja, ei endring medfører risiko, men frykt for endring er eit veldig dårleg argument for ikkje å tore å endre. At vi aksepterer at ein amerikansk IT-gigant sit med tilgang til våre helsedata til evig tid, er djupt urovekkjande. Å tru at det blir lettare å frigjere seg seinare, er å tru på julenissen. Ja, vi treng ein endringspause no – det er eg òg einig i, og noko anna låg heller ikkje i forslaget frå MDG – men den tida bør vi bruke godt, til å lage ein framtidsretta handlingsplan for kvar vi skal vere i IT-Noreg om 10–15 år. Det fortener dei tilsette, det fortener pasientane, og det er òg heilt nødvendig for dei.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat