Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 27. mai 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte onsdag den 27. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Det er ofte dei eldre pasientgruppene som er mest sårbare når det gjeld helsetransport, og når tilbodet blir flytta lenger vekk frå der folk bur. Nyleg blei ortopeditilbodet ved Lærdal sjukehus nedbygt. På det tidspunktet framheva helseministeren verdien av at skadepoliklinikkane i både Lærdal og Nordfjordeid skulle fortsetje å ha eit tilbod til innbyggjarane. Så viser det seg no at både opptaksområdet til skadepoliklinikkane og opningstida over veka blir redusert. Korleis står dette i forhold til det helseministeren sjølv sa om det skadepolikliniske tilbodet, og forstår helseministeren at det skapar reaksjonar når ein var førespegla at dette tilbodet framleis skulle vere ved lokalsjukehusa?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat