Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Som me har høyrt på svara no, er det eit inntrykk av at det har stått noko med litt lita skrift i valkampløfta, som no vert kjend. Eg har lyst til å gå tilbake til det som var det opphavlege spørsmålet frå representanten Eilertsen frå FrP, som snakka om tilbodet til dei som bygde dette fantastiske landet vårt. Dei er opptekne av den omsorga ein får i kommunane, men dei er òg opptekne av å ha eit sjukehustilbod i sin nærleik. Når eg snakkar med eldre folk i Rogaland, og for så vidt òg yngre folk i Rogaland, ser dei at me har bygd eit halvt sjukehus. Det veldig mange lurar på, er når folk i Rogaland og Stavanger vil få eit heilt sjukehus.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
