Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 27. mai 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 27. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Tusen takk for eit veldig viktig og veldig godt spørsmål. Kripos-rapporten er alvorleg lesing, og eg er sjølv bekymra for dei aller minste. Difor har me sett i verk ei rekkje tiltak. Fyrst og fremst meiner eg det er veldig viktig at me er i gang med førebyggingsprogrammet, som sørgjer for at kommunane i inneverande år får over ein halv milliard kroner til førebygging. Me arbeider i mitt departement, i «lead» i mitt departement, med å koordinere fleire andre departement som skal sørgje for ei oppvekstpakke til kommunane. Me veit – òg fordi eg tidlegare leia kommunalkomiteen – at det er veldig mange ulike rettleiarar og retningslinjer for kommunane, og der må me tydeleggjere det som ligg i førebyggingsarbeidet for kommunane. Eg meiner òg det er viktig at eg samarbeider med Sigrun Aasland, høgare utdannings- og forskingsministeren, som òg no ser på rammeplanar, f.eks. for barnehage. Eg registrerte for berre nokre veker sidan at tilsette i barnehagar etterlyser meir kompetanse og kunnskap. Det synest eg er viktig at me tek med oss. Eg har òg ein tilleggsbekymring, og det er at ein del bekymringsmeldingar til barnevernet i for liten grad kjem frå sektorane som har dei aller minste ungane. Dette arbeidet krev ein brei innsats frå fleire statsrådar, og som barneminister koordinerer eg mykje av dette. Eg meiner det er enormt viktig at me i mykje større grad klarer å avdekkje vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep mot barn tidlegare.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat