Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg er ikkje einig i at barnevernet er ein mellomstasjon. Det er veldig viktig å kommunisere tydeleg at me alle har ei plikt å melde bekymringar til barnevernet. Så ligg det òg ei avverjingsplikt i lovverket vårt, som eg synest me må snakke mykje oftare om. I tillegg har regjeringa varsla at me vil vurdere ei varslingsplikt for ulike yrkesgrupper, som eg òg har svara på i spørjetimen her tidlegare. I tillegg er det heilt avgjerande at me sikrar at ein allereie frå ein er gravid, får gode tilbod, gode, foreldrestøttande tiltak, og at me har gode helsestasjonar. I inneverande år løyver me frå mitt departement over 50 mill. kr i ulike tilskot til foreldrestøttande tiltak. Det veit me betyr veldig mykje, for veldig mange kan få god hjelp i sin foreldrekvardag, som kan gjere at dei kan få leve gode liv med sine barn.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
