Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det er noko som regjeringa vil vurdere, og som òg for så vidt ligg under ein annan statsråd enn meg. Det som er heilt sikkert, er at skal me klare å hindre og førebyggje at barn blir utsette for seksuelle overgrep og vald i nære relasjonar, må me klare å få alle tenester til å snakke saman. For eksempel veit me at eit verktøy som «Jeg vet» – eit verktøy ein brukar i skulen, som handlar om å gje ungane god informasjon og kunnskap om korleis dei òg kan kjenne igjen seksuelle overgrep – har vist seg å vere veldig, veldig effektivt. Som barneminister er eg oppteken av at me klarer å koordinere arbeidet mellom fleire departement, noko som gjer at me kjem tidlegare inn. I tillegg må me – og det er me godt i gang med –gjennomføre Kvalitetsløftet i barnevernet, der me òg har varsla ein ny nasjonal kompetanseplan for det kommunale barnevernet. Det er ikkje eitt enkelt svar på dette, og difor krev det brei innsats frå heile regjeringa.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
