Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg meiner at koordinering av tenester har mykje å seie for at me får varsling til rett tid. Eg er bekymra over at det kjem for få varslingar, f.eks. frå barnehagesektoren. Då har eg saman med kollegaen min Sigrun Aasland tenkt til å sjå på f.eks. kva som ligg i rammeplanane for barnehagane, og kva me må gjera for at ein i større grad kan føle tryggleik og sikkerheit når ein varslar. Me er òg nøydde til å sikre at førebygginga startar tidleg. Bufdir har sjølv i det siste nasjonale møtet om nasjonalt barnevern sett på bekymringa om at det er for få meldingar tidleg. Dette er noko me kjem til å følgje veldig tett. Me må i tillegg sikre at me prioriterer pengar til arbeid med førebygging i kommunane. Det gjer me no i eit nytt førebyggingsprogram, og me gjer det i foreldrestøttande tiltak. I tillegg har me etablert denne undersøkingskommisjonen, som blei einstemmig vedteken i Stortinget, som skal ta tak i det som er systemsvikt.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
