Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 27. mai 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 27. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Svaret på det er nei. I motsetning til Kristeleg Folkeparti meiner eg det ikkje er sjukt eller ein sjuk kultur å la eittåringar gå i barnehage. Debatten dei siste vekene er etter mi meining ein debatt som moraliserer sterkt over valet foreldre gjer, når det store fleirtalet av foreldre i Noreg ynskjer å bruke barnehage for sine ungar, kanskje allereie frå dei er eitt år. Eg meiner det er heilt unødvendig å «shame» – om det er eit parlamentarisk uttrykk – foreldres val i det heile. Det meiner eg det er Kristeleg Folkeparti som gjer – ikkje Arbeidarpartiet. Det Arbeidarpartiet har gjort i regjering saman med dei raud-grøne partia, er å sikre ein historisk låg barnehagepris. Me har styrkt barnetrygda på eit nivå som KrF aldri var i nærleiken av då dei sjølv hadde påverknad på budsjettet. Me har i tillegg motteke ein fødselstalsrapport, som eg har svart representanten om nokre gonger tidlegare, og som eg gleder meg til å fylgje opp. Eg er heilt overtydd om at Arbeidarpartiet, som i generasjonar har vore med på å byggje ut den velferdsstaten me er stolte av i dag, òg skal klare å utvikle han vidare, bl.a. gjennom å sjå på fleksibilitet i ordningane. Me har kanskje verdas beste foreldrepengeordning. Me har forbetra ho mens me har sete i regjering. Det er no fleire som tek ut 80 pst. på foreldrepengeordninga, fordi ein ikkje lenger tapar på å ta det. Det trur eg er eit uttrykk i retning av noko av det representanten frå KrF uttrykkjer – at det er fleire som ynskjer noko meir tid heime. Det er heilt fint, og det har me òg lagt til rette for. Me meiner på ingen måte at Kristeleg Folkeparti eigentleg gjer det, men at dei ser ut til å vere meir opptekne av å gå rundt med peikefingeren.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat