Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 27. mai 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 27. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Den største og viktigaste fridomsreforma for kvinner i dette landet har vore at ein både har hatt ein god likestillingspolitikk gjennom mange år, og at ein har kome i arbeid. Den største fridomen ligg jo i å kunne forsørgje seg sjølv og sine. Ja, eg trur at me langt på veg har verdas beste foreldrepermisjonsordning. Representanten må gjerne vise meg eit land som har betre ordningar for at foreldre kan vere heime med ungane sine når dei er små. Så anerkjenner eg at det finst eit hamsterhjul. Eg har sjølv som barneminister uttalt at eg vil det hamsterhjulet til livs. Det er mange foreldre som synest at kvardagen er slitsam. Difor vil me sjå på forslaga frå fødselstalsutvalet, som bl.a. har føreslått ei 70-prosentsordning for foreldrepermisjon. Det synest eg er spennande å sjå på. Så vil kollegaen min Kari Nessa Nordtun òg arbeide med det me har snakka om her tidlegare – korleis me kan få fleire fritidsaktivitetar, f.eks. i SFO.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lene Vågslid (Arbeiderpartiet) — Replikk · 27. mai 2026 — OverStortinget