Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det er meir enn berre litt spennande å sjå på. Eg varsla veldig tydeleg at me kjem til å følgje opp fødselstalsutvalet. Regjeringa er òg blitt bedt om å kome til Stortinget med ei stortingsmelding om oppfølging av fødselstalsutvalet. Det som er viktig for Arbeidarpartiet og for regjeringa, er at folk skal kunne få det antalet barn dei ynskjer seg. Eg kjem heller ikkje til å meine noko om kor mange barn folk skal få, det er opp til den enkelte, men me kan jo gjere meir for at fleire får det antalet dei ynskjer seg. Me veit at det er ein del som ynskjer seg to ungar, men som ender opp med å få berre ein. Difor vil me sjå på fleire av dei forslaga fødselstalsutvalet har føreslått. Viss eg var representant frå KrF, ville eg ha vore litt forsiktig med å etterlyse auke av barnetrygd, for er det noko Arbeidarpartiet har fått til saman med SV, Senterpartiet, Miljøpartiet og Raudt, er det ein historisk auke av både barnetrygda og ei rekkje andre økonomiske tiltak som treffer barnefamiliane.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
