Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 27. mai 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 27. mai 2026 kl. 10

Innlegget

Det gjer djupt inntrykk på meg å høyre om ungdom som har opplevd tvang, og om dei som slit med det i ettertid. Det gjer òg djupt inntrykk på meg å høyre om ungdom som i ettertid stiller spørsmål om kvifor dei ikkje blei beskytta når dei blei oppsøkte av kriminelle, eller om foreldre som ikkje kan forstå kvifor deira barn ikkje blei hindra å reise ut av ein institusjon for å ruse seg. Dei tilsette i barnevernet møter vanskelege dilemma kvar einaste dag, og dei må ha dei rette verktøya for å kunne løyse dei på best mogleg måte. Eg trur representanten og eg vil vere einige om at det viktigaste truleg er miljøterapi – kompetanse og tid til å byggje relasjonar og gje omsorg, men at dei òg må kunne setje grenser og gje barn tydelege rammer, slik at barn får den beskyttelsen dei treng, anten dei står i fare for å hamne i eit kriminelt nettverk eller på andre måtar skadar seg sjølv eller andre. Det er dette me føreslår i lovforslaget som no er til behandling. Tiltaka me føreslår, skal ikkje brukast ofte. Det blir stilt strenge vilkår, og det skal alltid vurderast ut frå behovet til det enkelte barn. Barnevernsinstitusjonane skal i sitt miljøterapeutiske arbeid førebyggje behovet for å bruke fysisk makt og inngrep i rettane til barn. God kompetanse i den enkelte institusjonen er viktig for å få til dette. Institusjonstilsette skal ha kunnskap om korleis fysisk maktbruk kan førebyggjast. Institusjonen skal alltid forsøke miljøterapeutisk metode for å fremje samarbeid. Kravet om å sende protokoll til Statsforvaltaren og klageretten barna har, er viktig for at institusjonen skal vere grundig i sine vurderingar. Ein god relasjon mellom tilsette og barn er nøkkelen til å få dette til. Regjeringa arbeider no med ei langsiktig omstilling av institusjonstilbodet, vedteken i Kvalitetsløftet, slik at barn skal kunne vere meir i ro og få meir heilskapleg og fleksibel hjelp. Dette vil òg leggje til rette for meir stabile relasjonar, som kan bidra til å førebyggje bruk av tvang, og at inngrep – når det er nødvendig – blir gjort på ein måte som blir opplevd som trygt for barnet. Vurderingar av kva som er det beste for det enkelte barnet, står dei tilsette i institusjonane i kvar einaste dag. Førebygging er og skal vere innarbeidd i miljøarbeidet til institusjonane. Inngrep i rettane til barn er likevel av og til nødvendig av omsyn til barnet. Slik eg ser det, vil lovforslaga gje institusjonane betre verktøy for å gje barna nødvendig omsorg og beskyttelse.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat