Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Me klarar å gjere fleire ting samtidig. Eg er heilt einig med representanten i at det er viktig å styrkje grunnkapasiteten. Eg er veldig glad for at me det siste året har fått ned antal brot på bistandsplikten betydeleg, sjølv om eg ikkje vil seie at me er heilt friskmelde enno. Difor er arbeidet med både å ha god styring og kostnadskontroll og ikkje minst å sikre at dei ungane som treng institusjonsplass, får det, ein av mine viktigaste prioritetar. Samtidig er eg bekymra over dei få ungane me snakkar om her som har behov for betre beskyttelse, mot andre eller òg mot skade dei kan utsetje seg sjølve for, og oppteken av at barnevernsinstitusjonane får den nødvendige verktøykassa. Eg meiner at lovforslaget som no er til behandling i Stortinget, er veldig godt ramma inn med tanke på særleg barns rettssikkerheit, som det er lagt stor vekt på i lovforslaget.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
