Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg er ikkje einig i at ein ikkje har gjort det. Dei endringane som er iverksette no i inneverande år, byggjer jo på behandling av Kvalitetsløftet, som Stortinget har vedteke. I forkant av lovproposisjonen var forslag på høyring på vanleg vis. Kvalitetsløftet, som blei behandla i familie- og kulturkomiteen i fjor, var òg på høyring. Eg meiner desse endringane er behandla på ein god og ryddig måte. I tillegg er regjeringa og Arbeiderpartiet opptekne av å følgje opp kunnskapsgrunnlag me har fått, som Storberget-rapporten, som kom i fjor. Der ser me at det er behov for å gjere meir for både å beskytte barn betre og å gje dei betre omsorg. Derfor tydeleggjer me òg omsorgsansvaret som ligg til institusjonane, i det lovforslaget som er til behandling no. Alt i alt er dette for at me skal få eit betre og tryggare barnevern som beskyttar barn betre.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
