Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 28. mai 2026

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Seher Aydar og Marie Sneve Martinussen om å sikre pauserom for sykehusansatte (Innst. 324 S (2025–2026), jf. Dokument 8:199 S (2025–2026))

Innlegget

Kven hadde eigentleg trudd at me i 2026 måtte til Stortinget for å sørgja for at helsepersonell får eit pauserom på jobb? At det i det heile teke har blitt ei politisk sak, seier eigentleg ganske mykje om korleis enkelte sjukehus blir planlagde i dag. Nye Drammen sjukehus skulle kosta 10 mrd. kr, no er prislappen oppe i 14 mrd. kr. Samtidig har debatten eksplodert, om mangel på pauserom, arbeidsplassar og fasilitetar for dei tilsette. Ein begynner jo å lura på kva i all verda det er som skjer når eit sjukehus blir fleire milliardar kroner dyrare, men ein samtidig klarer å byggja bort heilt grunnleggjande ting som pauserom for dei tilsette. Det er ikkje allverda dei ber om. Det er ein plass å setja seg ned, eta matpakken sin, skriva journal, kanskje leggja seg litt nedpå etter tunge vakter og sterke inntrykk, og trekkja pusten før neste alarm går. Det mest oppsiktsvekkjande er kanskje at dette ikkje burde vore ei sak i det heile teke. Ein skulle ikkje måtta kjempa for at helsepersonell skal få eit pauserom. Det burde gå på automatikk. Arbeidstilsynet har jo reglar for dette. Legeforeningen har åtvara i årevis om at nye sjukehus blir bygde for små, med for lite fleksible areal og ikkje-kliniske rom, som blir kutta for å spara pengar. Det same blir meldt frå sjukepleiarhald. Likevel har det skjedd igjen, og det skjer igjen. Då handlar dette om noko større enn berre eit manglande pauserom. Dette handlar om korleis sjukehus blir planlagde. Når kostnadene aukar og budsjetta blir pressa, verkar det ofte som om dei tilsette sine behov kjem sist i køen. Då ryk pauserom, arbeidsrom, garderobar – alt det som får ein arbeidskvardag til å fungera i praksis. Framstegspartiet meiner dette er feil måte å byggja sjukehus på. Sjukehus skal ikkje berre fungera i eit Excel-ark eller i ein økonomimodell, dei skal fungera i verkelegheita. Dei som jobbar i helsevesenet, står ikkje i ein vanleg arbeidskvardag. Dei står i kreftbehandling, hjartestans, psykiske kriser og dødsfall. Dei møter menneske på dei verste dagane i livet deira. Då burde det vera heilt sjølvsagt at dei også får skikkelege arbeidsforhold rundt seg. For dersom me ikkje eingong klarer å byggja sjukehus som fungerer for dei som skal halda helsevesenet oppe døgnet rundt, då har me faktisk starta i feil ende.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat