Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 28. mai 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Endringer i universitets- og høyskoleloven mv. (egenbetaling, advokatutgifter) (Innst. 312 L (2025–2026), jf. Prop. 58 L (2025–2026))

Innlegget

Senterpartiet støttar i all hovudsak forslaga frå regjeringa i denne proposisjonen. Det gjeld bl.a. forslaget om å innføre eit tak på advokatutgifter, og at forslaget om å fjerne blind sensur ikkje blir fremja. Samtidig er Senterpartiet kritisk til at Arbeidarpartiet no går vekk frå kravet om skulepengar. Dette forslaget vil i realiteten setje forsking, undervisning, aktivitet og utviklingsarbeid opp mot billigare studieplassar for tredjelandsstudentar. Det er oppsiktsvekkjande, for denne sektoren har vore gjennom kutt og tøffe prioriteringar som ein konsekvens av Stortinget sine løyvingar, men no meiner i tillegg fleire parti i denne salen at det er fornuftig at institusjonane skal ta rekninga for dette grepet, med dei konsekvensane det kan få for anna aktivitet. Arbeidarpartiet og Høgre har eit forklaringsproblem når dei i det eine augeblikket støttar innføringa av eit krav om eigenbetaling – og innfører kutt i overføringar som ein konsekvens av det – for så å oppheve det same kravet utan å tilføre ei einaste ekstra krone til sektoren. Krav om skolepengar er ein etablert praksis i store delar av verda. Mens nivået enkelte plassar er svært høgt, har det norske kravet her heime vore at det skal vere kostnadsdekkjande. Norske universitet og høgskular skal konkurrere på kvalitet. Høgare utdanning i Noreg gjev store moglegheiter både for fordjuping, for spesialisering og for forsking, og det er verken rett eller rimeleg at midlar skal omprioriterast frå utdanning og forsking, slik dette forslaget no legg opp til.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Erling Sande (Senterpartiet) — Innlegg · 28. mai 2026 — OverStortinget