Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 28. mai 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Erling Sande, Bengt Fasteraune og Ole Herman Sveian om ei treårig lærarutdanning som bidreg til fleire kvalifiserte lærarar i norske klasserom (Innst. 314 S (2025–2026), jf. Dokument 8:218 S (2025–2026))

Innlegget

Noreg manglar lærarar, og den mangelen gjer seg gjeldande over heile landet. Det er ei stor utfordring som vi alle må ta på alvor. Søkjartala til lærarutdanninga byrja å falle kort tid etter innføringa av dei rigide karakterkrava under Solberg-regjeringa. No ser vi at dei er i ferd med å etablere seg på eit for lågt nivå. Ein lærar med treårig utdanning har sjølvsagt eit langt betre utgangspunkt enn ein lærar utan utdanning. Forslaget vårt handlar ikkje om å skrote den femårige utdanninga. Tvert imot kan ei treårig utdanning bli eit supplement som får fleire til å velje å gå inn i lærarutdanninga, og dermed oppnår vi fleire lærarar i skulen. Eg er bekymra for at vi også misser praktikarane gjennom at ein har lagt opp til ei rigid femårig utdanning. Det kan vere dyktige fagpersonar med evne til å leggje til rette for praktisk læring og ei undervisning som treffer mange av dei elevane som i dag opplever minst meistring i den teoritunge skulen vi har i dag, men nettopp fordi desse folka er tettast på praktisk læring og har engasjementet sitt for den praktiske læringa, vel dei kanskje vekk ei teoritung og lang utdanning. I dag ser vi at mange av dei som jobbar i skulen, ikkje har formell lærarutdanning. Samtidig veit vi at det finst mange vaksne med erfaring frå skule, frå næringsliv og frå lokalsamfunn som kunne tenkje seg å bli lærar, men som rett og slett opplever at terskelen er for høg med eit femårig løp. Ei treårig utdanning kan kvalifisere vikarar som arbeider i skulen allereie i dag. Det kan styrkje rekrutteringa i distrikta. Eit slikt utdanningstilbod kan utformast desentralisert, slik at ein sikrar tilgjenge over heile landet, og med moglegheit for påbygging til mastergrad på eit seinare tidspunkt, eller rett etterpå, om engasjementet for å bli lærar er vekt. Dette er avgjerande for å sikre eit likeverdig tilbod i heile landet. Vi støttar ei rekkje forslag i denne saka som har mål om å gjere lærarutdanninga meir praksisnær og meir fleksibel. Sjølv om våre opphavlege forslag ikkje får fleirtal i dag, vil vi halde fram arbeidet med å sikre at ungane våre møter kvalifiserte lærarar i skulen, uavhengig av kvar dei bur. Eg tek opp forslaga Senterpartiet er med på.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat