Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 28. mai 2026

SakInnstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Erling Sande, Bengt Fasteraune og Ole Herman Sveian om ei treårig lærarutdanning som bidreg til fleire kvalifiserte lærarar i norske klasserom (Innst. 314 S (2025–2026), jf. Dokument 8:218 S (2025–2026))
Innlegget
I fjor hadde VG ein reportasje der dei møtte ein del unge menn som hadde valt vekk å bli lærarar på grunn av den femårige utdanninga. Dei argumenterte med at fem år er eit langt perspektiv når du startar eit utdanningsløp, det er få vegar ut av eit sånt utdanningsløp, og det er eit stort steg å ta. Ser statsråden at ved å ha den femårige utdanninga, støyter ein vekk enkelte frå læraryrket, rett og slett fordi ei så omfattande utdanning av enkelte blir sett på som eit for stort steg å ta?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat