Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 28. mai 2026

SakInnstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Erling Sande, Bengt Fasteraune og Ole Herman Sveian om ei treårig lærarutdanning som bidreg til fleire kvalifiserte lærarar i norske klasserom (Innst. 314 S (2025–2026), jf. Dokument 8:218 S (2025–2026))
Innlegget
Eg er for det fyrste glad for at ein i alle fall tenkjer i retning av meir fleksibilitet opp mot dette utdanningsløpet. Det trur eg er riktig tankegang, sjølv om vi då ønskjer å gå endå lenger. I norsk skule i dag, og rundt norsk skule, finst det ganske mange vaksne, som eg nemnde i mitt innlegg, som kanskje kunne tenkje seg å bli lærarar. Dei har kanskje lang yrkeserfaring frå andre område i samfunnet, kanskje har dei jobba i næringslivet, og kanskje har dei til og med jobba i skulen utan utdanning. Ser ikkje statsråden at ei slik treårig utdanning nettopp kunne vere det som skulle til for at dei fekk fylt på med kompetanse eller fekk gått inn på eit løp for å bli lærar, og at dei på den måten kan vere med å hjelpe på den underliggjande problemstillinga, nemleg at vi manglar lærarar?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat