Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 28. mai 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Erling Sande, Bengt Fasteraune og Ole Herman Sveian om ei treårig lærarutdanning som bidreg til fleire kvalifiserte lærarar i norske klasserom (Innst. 314 S (2025–2026), jf. Dokument 8:218 S (2025–2026))

Innlegget

Eg tek ordet for å svare på den litt polemiske utfordringa frå representanten Melby om at Senterpartiet på ein måte godtek at ungar i distrikta skal ha mindre kvalifiserte lærarar, og at det ligg til grunn for tilnærminga her. Nei – i den perfekte verda fanst det eit overskot av lærarar, og det fanst eit overskot av personar som ønskte å søkje lærarutdanning. Likevel må Venstre òg forhalde seg til landet slik det ser ut, og vi manglar lærarar. Då har vi ei felles utfordring. Mange som ikkje har lærarutdanning, gjer ein god jobb i norsk skule i dag, men eg og Senterpartiet trur jo også heilt klart på at viss ein har lærarutdanning, er ein meir kompetent til å undervise ei klasse. Det som er faktum i dag, er at det i mange klasserom står nokon utan lærarutdanning, nettopp fordi vi manglar lærarar. Då må vi i fellesskap sjå på korleis vi kan få fleire av dei som står i det klasserommet, til å ville ta ei utdanning og fylle på med kunnskap, og fleire av dei som ikkje er lærarar i dag, til å velje ei slik utdanning. Det er bakgrunnen for dette forslaget.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat