Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 28. mai 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakInnstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid Raja og Grunde Almeland om et langsiktig løft for bemanningen i norske barnehager (Innst. 299 S (2025–2026), jf. Dokument 8:263 S (2025–2026))

Innlegget

Barnehagen er det fyrste fellesskapet ungar over heile landet møter, og då seier det seg sjølv at det at det er nok folk på jobb, er avgjerande for kvaliteten på det tilbodet dei får. Det trur eg er eit syn som alle i denne salen deler. For Senterpartiet heng styrking av bemanning tett i hop med ein sterkare kommuneøkonomi. Det er riktig at budsjettforlik som Senterpartiet har vore ein del av, har løyvd fleire hundre millionar kroner til bemanning, men det er dei milliardane vi leverer over budsjettet, og som kommunepolitikarane prioriterer kvart einaste år, som utgjer sjølve grunnmuren også på dette området. Vi kan ikkje akseptere veldig stramme kommunebudsjett som nesten ikkje gjev handlingsrom, samtidig som vi gjer enkeltvedtak i denne salen om enkeltsatsingar. Det er kommunane som forvaltar heilskapen, og det må vi òg gjere. Difor må kommuneøkonomien styrkjast, også viss vi skal nå målet om fleire tilsette i barnehagane. Barnehagesektoren er prega av høgt fråvær, sjukefråvær, stort arbeidspress og rekrutteringsutfordringar. Det fortel oss at dette ikkje berre handlar om pengar. Det handlar òg om arbeidsvilkåra, det handlar om moglegheita til å bli verande i yrket, og det handlar – som fleire representantar har vore inne på her tidlegare i debatten – om pensjonsvilkår og viktigheita av at vi følgjer opp det vi har lova når vi har gjort eit tverrpolitisk forlik i denne salen knytt til pensjon, som skulle skape tryggleik for pensjonsordningane til dei mange som gjer ein kjempejobb i norske barnehagar i dag. Men igjen: Det er ikkje nokon veg til målet utan også å styrkje kommunane, og det vil ha betydning for barnehagane, men også for skulane, eldreomsorga og dei andre viktige oppgåvene som kommunane løyser kvar einaste dag. Vi støttar ikkje dette representantforslaget, men vi skal halde fram med å styrkje bemanninga gjennom arbeidet for ein betre økonomi for kommunane i heile landet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat