Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 28. mai 2026

SakInnstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Erling Sande, Bengt Fasteraune og Ole Herman Sveian om ei treårig lærarutdanning som bidreg til fleire kvalifiserte lærarar i norske klasserom (Innst. 314 S (2025–2026), jf. Dokument 8:218 S (2025–2026))
Innlegget
Eg vil starte med å seie at eg synest Senterpartiet i dette forslaget tek opp ei viktig utfordring som vi står overfor i norsk skule, når dei peikar på den mangelen som er på kvalifiserte lærarar rundt omkring i klasseromma. Rekrutteringsutfordringane er jo høgst reelle, og dette er ein debatt vi absolutt må ta. Vi må diskutere korleis lærarutdanninga kan bli meir fleksibel, praksisnær og yrkesretta, og eg vil tru at forslaget spring ut frå akkurat denne utfordringa. Samtidig meiner Framstegspartiet at debatten òg må handle om meir enn berre antal år på lærarutdanninga, for utfordringane i skulen er større og meir samansette enn før. Lærarane skal ikkje berre handtere faglege oppgåver, dei skal møte elevar med psykiske utfordringar, uro, fråvær og stadig større og meir komplekse behov. Mange lærarar fortel at dei ofte står aleine i denne typen situasjonar, som eigentleg krev fleire typar kompetanse for å kunne handtere og hjelpe elevane på ein best mogleg måte. Difor treng vi ikkje berre fleire lærarutdanna inn i skulen. Vi treng òg fleire ulike yrkesgrupper inn i skulen, og ikkje minst må vi gjere det enklare for folk med andre typar utdanning å kvalifisere seg til å bli lærarar for å kunne jobbe i klasserommet. Skal vi lykkast med å styrkje norsk skule framover, må vi tenkje breiare rundt kva type kompetanse elevane treng i klasserommet. Ein endå betre skule blir skapt av at fleire med ulik bakgrunn og erfaring kan bidra inn i undervisninga, og Framstegspartiet meiner difor at vi må opne for fleire vegar inn i læraryrket og gjere det enklare for folk med andre typar utdanning og erfaring å kvalifisere seg til å undervise i skulen.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat