Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 28. mai 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Ole Herman Sveian og Kjersti Toppe om å gjennomføre ei ekstern evaluering av sjukehusplanar og sjukehusbygging i Noreg (Innst. 327 S (2025–2026), jf. Dokument 8:192 S (2025–2026))
Innlegget
Senterpartiet vil med dette forslaget slå alarm om måten vi byggjer nye sjukehus på i Noreg. Vi gjer dei same feila om igjen og om igjen. Vi byggjer for smått, for dyrt og utan tanke på beredskap. Dei siste åra har ein brukt milliardar på å byggja nye sjukehus, som i Drammen, Stavanger og Østfold, men bak dei fine fasadane skjuler det seg ei anna verkelegheit, med sjukepleiarar som fortel om akuttmottak som er bygde for små, pasientar som ligg i korridorar, og tilsette utan gode nok pause- eller arbeidsrom. No meiner vi at Stortinget må gripa inn og ta ansvar. Det er oppretta eit eige helseføretak, Sjukehusbygg HF, for å samla kompetanse om bygging av sjukehus på éin stad, nettopp for å læra av feil og finna forbetringar. Like fullt vert dei same feila gjort om igjen og om igjen. Ein del av årsaka til at nye sjukehus kuttar i pauserom og garderobefasilitetar til dei tilsette, er at sjukehusa heile tida må kutta i areal for å få råd til investeringar. Senterpartiet ønskjer å fullfinansiera nye sjukehusbygg over statsbudsjettet, slik andre statlege bygg vert. Vi vil skilja investering og drift, ikkje berre greia dette ut, slik regjeringa legg opp til. I tillegg meiner vi at ein treng ein heilskapleg gjennomgang av den modellen ein byggjer sjukehus etter. Vi føreslår ein grundig gjennomgang og ekstern evaluering av alle nye sjukehusbygg som er bygde dei siste ti åra, og sjukehus som er under planlegging. Statsråden viser til at sjukehusbygg vert evaluerte. Ja vel, men intern evaluering i regi av Sjukehusbygg HF har vore til lita hjelp. Ta berre evalueringa av nytt sjukehus på Kalnes i Østfold. Evalueringa har ikkje hindra at andre sjukehus er bygde med same feil og utfordringar. Vårt forslag får stor støtte frå viktige høyringsinstansar. Legeforeningen skriv at dei i fleire år har åtvara mot at nye sjukehus vert bygde for små og med for lite fleksible areal. Mangel på nok areal er vorte dokumentert av alle nye sjukehusprosjekt, utan at det har vorte tatt lærdom av desse erfaringane. Legeforeningen tar òg opp behovet for å justera dei regionale helseføretaka sin modell for framskriving av aktivitet og framtidig kapasitetsberekning. Dei tar òg opp at Sjukehusbygg HF som ein sentral premissleverandør for korleis sjukehus i Noreg vert planlagde og bygde, fører til uklare ansvarsforhold i sjukehusutbygginga. Det er uklart kven som tar avgjerdene, og kven som skal haldast ansvarleg for byggeprosjektet. Òg Norsk Sykepleierforbund støttar forslaget om ei ekstern evaluering av sjukehusbygg. Dei viser til at det kan bidra til systematisk læring, auka openheit og meir kunnskapsbaserte avgjerder i framtida. Senterpartiet kjem subsidiært til å støtta forslag nr. 4 i innstillinga, men forslaga nr. 1 og 2 frå dei andre partia meiner vi allereie er ivaretatt og ikkje vil tilføra noko nytt i denne saka.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat