Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 28. mai 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Ole Herman Sveian og Kjersti Toppe om å gjennomføre ei ekstern evaluering av sjukehusplanar og sjukehusbygging i Noreg (Innst. 327 S (2025–2026), jf. Dokument 8:192 S (2025–2026))

Innlegget

Det vart bl.a. gjort ei intern evaluering i regi av Sjukehusbygg HF i 2020, og i den rapporten stod det at dei tilsette formidla at det er behov for fleire arbeidsplassar i seksjonane, og at det er mangel på kontorplassar. I evalueringa kom det fram at dei tilsette ikkje nytta kantina i lunsjen på grunn av at det var store avstandar. Det kom òg fram at dei tilsette opplevde at medverkinga var mangelfull, og særleg når det kom kuttprosessar på slutten. For å seia det slik: Dette verkar kjent. Det er akkurat det same vi høyrer frå Drammen og frå Stavanger, og det er då fleire år etterpå – så vi har jo ikkje lært. Ser ikkje statsråden difor behovet for ei ekstern evaluering av sjukehusprosessane?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat