Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 28. mai 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Ole Herman Sveian og Kjersti Toppe om å gjennomføre ei ekstern evaluering av sjukehusplanar og sjukehusbygging i Noreg (Innst. 327 S (2025–2026), jf. Dokument 8:192 S (2025–2026))
Innlegget
Dette er ikkje noko eg tar ut frå ein masse informasjon. Dette er kva Sjukehusbygg sjølv seier i si evaluering av bygginga av sjukehuset på Kalnes. Når vi no diskuterer: Lærer vi av dei evalueringane eller ikkje? No har eg ramsa opp at ein allereie då sa at det var for lite arbeidsplassar i seksjonane, og at dei tilsette ikkje nytta kantina fordi det var for lang avstand dit. Og når det ikkje var medverking frå dei som jobbar på sjukehuset, er det jo eit bevis på at vi faktisk ikkje har lært av dei evalueringane som er gjorde. Dette er ikkje noko Senterpartiet finn på, dette er det Sjukehusbygg sjølv som seier i sin rapport. Vi står då her, fleire år etterpå, med akkurat dei same utfordringane, og det er grunnen til at Senterpartiet no meiner at vi må ta ei ekstern evaluering av dei sjukehusbygga som er bygde, for vi lærer faktisk ikkje av feil. Så eg spør om igjen – for ei ekstern evaluering er jo bra.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat