Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 28. mai 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Ole Herman Sveian og Kjersti Toppe om å gjennomføre ei ekstern evaluering av sjukehusplanar og sjukehusbygging i Noreg (Innst. 327 S (2025–2026), jf. Dokument 8:192 S (2025–2026))
Innlegget
Mens det i andre saker vi debatterer, vert lagt veldig stor vekt på kva dei som jobbar i tenestene, meiner om forslag, er debatten her prega av at dette er eit forslag som vert fremja fordi nokre veggar på sjukehuset i Stavanger vart rivne etter at det var opna. Det meiner eg òg er ei bagatellisering av denne saka. Eg vil minna om at både Den norske legeforening og Sykepleierforbundet gir full støtte til ein ekstern gjennomgang av Sjukehusbygg i høyringsinnspel til komiteen. Legeforeningen seier at dei over fleire år har åtvara mot at nye sjukehus vert bygde for små og med for lite fleksible areal. Norsk Sykepleierforbund er òg tydeleg på at dei støttar dette forslaget. Er det slik at både Den norske legeforening og Sykepleierforbundet tar feil, at dei ikkje eigentleg har følgt med, eller at dei ser bakover og ikkje framover? Det trur eg ikkje. Eg meiner at dette forslaget er heilt nødvendig. I replikkordskiftet refererte eg til den evalueringa som vart gjord i regi av Sjukehusbygg HF. Ein ber no om fleire liknande interne evalueringar som den som er gjord. Med dei eksempla eg viser til, har dei påpeikt feil i evalueringa, og dei same feila vert gjorde igjen. Det meiner eg viser at vi treng å gå inn i dette på ein annan måte. Det er nettopp det som er grunnlaget – vi veit at det vert evaluert, men vi ser at det ikkje fører til endringar i nye prosjekt. Det var akkurat det same som vart påpeikt i evalueringa av Kalnes, men det vert likevel ei utfordring på nye sjukehus. Heilt til sist: Statsråden skriv i sitt brev til komiteen at det allereie er «etablert et omfattende system for kvalitetssikring, evaluering, medvirkning og læring. Ferdigstilte prosjekter evalueres, erfaringer systematiseres, og kunnskapen brukes aktivt i videre utvikling av nye prosjekter.» Det er grunnen til at vi ikkje meiner at forslaga frå Arbeidarpartiet og ein del andre parti, der dei ber regjeringa evaluera prosessen for nye sjukehusbygg, og der dei ber regjeringa hausta erfaring frå nyleg ferdigstilte sjukehus, har nokon verdi. Når det gjeld det statsråden skriv i sitt brev, tar vi han på ordet og meiner at det er omfattande og gode interne evalueringsprosessar, og vi treng ikkje noko vedtak i Stortinget for å få til akkurat det.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat