Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 28. mai 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Seher Aydar og Marie Sneve Martinussen om å sikre pauserom for sykehusansatte (Innst. 324 S (2025–2026), jf. Dokument 8:199 S (2025–2026))

Innlegget

Kjersti Toppe (Sp) [17:59:42] (leiar i komiteen): I denne saka vert det fleirtal for fleire forslag som kan bidra til at norske sjukehus i framtida vert bygde på ein måte som ivaretar behova dei tilsette har for arbeidsrom og pauserom med nok areal. Det vert òg fleirtal for eit forslag som presiserer at tilsette må ha reell medverknad i forbindelse med planlegging, gjennomføring og evaluering av byggjeprosjekt i helseføretaka. I førre sak fekk ikkje Senterpartiet fleirtal for eit forslag om ei ekstern evaluering av sjukehusbygginga i Noreg dei siste ti åra, òg av sjukehus som er under planlegging. Dei andre partia – utanom FrP – meinte dette ikkje var nødvendig. Eg må likevel stilla spørsmålet om desse partia faktisk meiner det er jobben til Stortinget å måtta detaljstyra sjukehusutbygging for å sikra at dei tilsette skal få nok pauserom og arbeidsrom. Vi meiner det er systemet, modellane og finansieringa som må endrast. Ein fekk nyleg vita at det nye, moderne sjukehuset i Stavanger er planlagt slik at det heller ikkje er skittentøykorger i garderoben til brukte handkle for dei mange som jobbar der. Er det òg noko vi må fremja forslag om i Stortinget? Eg meiner ikkje det. For litt tid sidan fremja Senterpartiet dette forslaget: «Stortinget ber regjeringa sikre naudsynte justeringar i Sykehusbygg HF sine modellar for framskriving av aktivitet i sjukehus, slik at framtidige sjukehusbygg får tilstrekkeleg kapasitet til pasientbehandling og naudsynt arbeidsrom og areal for dei tilsette.» Det er det som hadde vore viktig, men det forslaget vart ikkje vedtatt fordi Arbeidarpartiet, Høgre og MDG stemte imot. No fattar ein heller detaljerte vedtak om standardar for auka areal i pauserom, arbeidsrom og rapporteringsrom, utan å villa endra eller justera den modellen ein byggjer sjukehus etter i dag. Senterpartiet meiner det er uforståeleg. Vi meiner våre forslag eigentleg omhandlar det same, men registrerer at det er dei meir detaljerte forslaga frå Raudt som får fleirtal. Det er jo saka som er viktig, og dette er viktig for dei tilsette i offentlege sjukehus og for norske pasientar, så vi er glade for at dei forslaga i dag får fleirtal. Sjukehusbygg HF vart stifta i 2014 og har alle dei fire helseregionane som eigarar. Dei skal sikra eit nasjonalt kompetansemiljø for sjukehusplanlegging og -bygging på høgt internasjonalt nivå. Ein skal nytta Sjukehusbygg i alle byggjeprosjekt med ein verdi over 500 mill. kr. I årsmeldinga frå 2025 kan vi lesa at antalet fast tilsette og innleigde ressursar har auka kontinuerleg sidan oppstart. Ved utgangen av fjoråret talde ein 199 faste medarbeidarar og 166 innleigde ressursar. Eg håpar at helseføretaket følgjer med på denne debatten og tar inn over seg grunnen til at Stortinget her måtte detaljstyra.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Kjersti Toppe (Senterpartiet) — Innlegg · 28. mai 2026 — OverStortinget