Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 28. mai 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Marius Langballe Dalin og Siren Julianne Jensen om å oppnevne en uavhengig ekstern granskingskommisjon for Finmarkssykehuset HF (Innst. 326 S (2025–2026), jf. Dokument 8:203 S (2025–2026))

Innlegget

Kjersti Toppe (Sp) [18:34:57] (leiar i komiteen): Det er overordentleg viktig at helseføretaka og norsk helsevesen har tillit i befolkninga, og når det kjem opp saker som kan rokka ved den tilliten, er det òg vårt ansvar å gjera vårt for å bidra til at det ikkje skjer. Vi meiner i Senterpartiet at det er behov for ein uavhengig og ekstern gjennomgang av Finnmarkssykehuset HF sine varslingsrutinar og varslingshandtering, leiingskultur, arbeidsmiljø og styrings- og kontrollsystem for å sikra eit trygt arbeidsmiljø og tillit til varslingssystema i framtida. Vi fremjar altså eit forslag om det i dag, og slik eg les kva representantane har sagt, manglar vi stemmene til Senterpartiet for at dette kunne ha fått fleirtal. Vi støttar ikkje forslagsstillarane sitt forslag om ein eigen kommisjon, men vi ser behovet for ein reell ekstern gjennomgang av dette varslingssystemet. Det som har kome fram i NRK-saka, vitnar om ein skremmande varslingskultur og ufatteleg dårlege rutinar i dette helseføretaket, som har gått føre seg over år. Det er varsla om sexpress, nedsetjande kvinnesyn og truslar, ein leiar som kalla lærlingar for «selskapsdamer» – varslar som ein ikkje har følgd opp på lang tid. Mange av desse varsla var òg frå lærlingar. Helseføretaket sa først at dei berre hadde mottatt eitt varsel om seksuell trakassering, sjølv om NRK satt på heilt andre tal. Det er faktisk ikkje tillitskapande. Varslingsekspert Birthe Eriksen uttalte til NRK at her har det openbert vore svikt i system og rutinar, og at i ein organisasjon med open og sunn ytringskultur ser ein sjeldan så alvorlege varslingssaker. Ho uttalte til NRK at Finnmarkssykehuset bør granskast, og Senterpartiet er einig med henne i det. Det er greitt at Finnmarkssykehuset som ein sjølvstendig juridisk eining sjølv har ansvar for sine varslingsrutinar, men her meiner eg at det som har kome fram, er så graverande at vi er nøydde til å få ei uhilda gransking for å få tilliten tilbake. Så fremjar Senterpartiet forslag om at regjeringa må gje føringar om at ein ikkje kan ha toppleiarstilling i eit offentleg sjukehus og samtidig sitja i leiinga med eigarposisjon i eit konsulentselskap der det offentlege sjukehuset er ein betydeleg kunde. Det har skjedd i Finnmarkssykehuset, dei har leigd inn ein medisinsk fagdirektør frå eit firma som fagdirektøren sjølv er medeigar i. Sånne ting kan vi ikkje sjå, og vi fremjar altså eit forslag om å rydda opp i den ukulturen.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat