Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 28. mai 2026

SakInnstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Ole Herman Sveian og Kjersti Toppe om å gjennomføre ei ekstern evaluering av sjukehusplanar og sjukehusbygging i Noreg (Innst. 327 S (2025–2026), jf. Dokument 8:192 S (2025–2026))
Innlegget
I nokon situasjonar, når eg som kirurg skal til å lukke eit operasjonssår, har eg måtta streve med å få alt bukinnhaldet, som tarmar osv., inn igjen. Ein liknande kjensle har vi som helsearbeidarar på fleire nye norske sjukehus, når pasientane strøymer på og plassen til både pasientar og tilsette er så altfor liten. Som tidlegare tillitsvald veit eg at rammene vi gjev dei tilsette, er avgjerande for pasientbehandlinga. Likevel har norsk sjukehusbygging dei siste tiåra vore prega av ei ubegripeleg vegring mot å lære av tidlegare erfaringar. Eg har sjølv opplevd resultatet av desse havarerte planprosessane. Ved sjukehuset i Østfold på Kalnes blei det bygd altfor smått, basert på urealistisk låge befolkningsframskrivingar. Resultatet blei eit sjukehus med store interne avstandar, men med for lite plass til dei tilsette. Vi har nesten utradert fleirsengsromma i moderne bygg. Det gjer oss sårbare. I ein beredskapssituasjon eller ein nasjonal krise er fleksibiliteten borte, og pleiepersonalet slit med å rekke over alle. Dagens sjukehus er rett og slett ikkje bygde for uføresette hendingar. Eit av problema ligg i sjølve finansieringsmodellen. Helseføretaka tvingast til å spare opp eigenkapital frå eigen drift. For å få råd til å byggje, må det kuttast i kvadratmeter og senger. I tillegg har vi etablert sjukehusbygg som i altfor liten grad klarer å overføre dyrkjøpt lærdom frå eitt prosjekt til det neste. Feila blir kopierte. Vi ser det i Drammen, der det blir planlagt nye bygg utan tilstrekkeleg pauserom for dei som står i frontlinja. Vi ser det i Stavanger, der ein må byggje om kort tid etter opning. Vi kan ikkje teikne sjukehus som om det var ein skrivebordsleik. Vi må byggje dei for pasientane, for beredskapen og for det helsepersonellet vi har ein stor mangel på. Vi har i stor grad valt å byggje nye bygg framfor å rehabilitere dei vi har, i trua på at då skal alt bli nytt, moderne og tenleg på alle vis. Det har vi lykkast usedvanleg dårleg med. Miljøpartiet Dei Grøne er opptatt av at vi alltid vurderer om det kan vere vel så klokt å gjenbruke dei bygningane vi har, der vi kjenner ulempene og veit kva vi treng å gjere noko med. Det er bra for miljøet, det vil ofte spare pengar, og ein kan heller rette opp det som ikkje er optimalt, i bygg ein kjenner godt. Det vil redusere sjansen for dei store feila. Miljøpartiet Dei Grøne er brennande opptatt av at vi sørgjer for sjukehusbygg som er gode å jobbe i, så pasientane kan få den beste behandlinga både under normale forhold og i kriser. Difor må vi lære av feila som er gjorde, ikkje gjenta dei enda ein gong. Vi i MDG krev ein heilt ny finansieringsmodell der nye sjukehusbygg og større rehabiliteringar løftast ut av dei vanlege driftsbudsjetta. Staten må ta rekninga. At sjukehusbygg blir bygde for små gong på gong, er rett og slett ein systemsvikt.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat